– Utsleppet vart oppdaga av mannskap om bord på eit tankskip som låg og lasta olje frå Statfjord A. Då stansa vi lasting og tilførsel av olje til lastebøya. Vi jobbar no med å få oversikt over kor stort dette utsleppet er, seier pressetalsmann Ola Anders Skauby i Statoil til NRK.no.
Klokka 1510 opplyser oljegiganten på sine nettsider at utsleppet er på kring 40 kubikkmeter råolje, eller kring 40 000 liter.
Er dårleg sikt i området – gjer arbeidet vanskeleg
Oljeutsleppet vart ifølgje Statoil oppdaga torsdag morgon, då tankskipet Hilda Knutsen lasta olje via lastebøya OLS B, som ligg mellom Statfjord A og Statfjord B.
Lastinga til lasteskipet er no stoppa, og røyrleidning og lastesystemet frå Statfjord A er stengd. Produksjonen på plattforma går som normalt.
Lekkasjen skal ha oppstått i ein flens i lasteslangen. Ifølgje Teknisk Ukeblad er dette tredje utsleppet sidan 2007 frå Statfjord.
– Det er for tidleg å seie kor mykje olje som har lekt ut, men vi jobbar med å få oversikt. Det er noko dårleg sikt i området, så det er vanskelege å sjå kor stort det kan vere, seier Skauby.
Er for høge bølgjer til å samle olje med lenser
Naudsynt utstyr for å avgrense skadane er på plass i form av beredskapsfartøy og ankerhandteringsfartøy. Eit helikopter overvakar situasjonen.
Statoil vil no finne ut om dei skal samle opp eller tynne ut oljeutsleppet.
– Det er no for høge bølgjer på staden til å bruke lenser. Vi vurderer andre måtar for å handtere utsleppet, seier Skauby.
– Vi ser på eit kvart oljeutslepp som alvorleg. Vi har utstyr raskt tilgjengeleg, og det har vi no mobilisert. Så får vi sjå kor stort det viser seg å vere, men det er viktig å få kontroll over utsleppet – uavhengig av storleik.
Stort utslepp i 2007
– Det seier noko om norsk oljeberedskap at dersom det er høge bølgjer, noko som det stort sett er langs kysten vår, så er vi ikkje i stand til å ta opp oljesøl, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.
Det er meldt om seks-sju meter høge bølgjer i området og det som no er ein frålandsvind vil vri seg nordover. I 2007 kom det ut 4,4 millionar liter frå ei lastebøye på Statfjord.
– Det vart Norgeshistorias nest største oljeutslepp. Vi er spente på kor fort Statoil reagerer, og ventar at dei raskt frå stengt utsleppet og fanga opp oljen. Eit oljeutslepp som når land vil vere ei tragedie, seier han.