NRK Meny
Normal

Det offentlege sa nei til pårørande etter sjølvmord - no står ho i front for privat innsamling

Fylkesmannen ville ikkje gje foreninga for pårørande etter sjølvmord dei 15.000 dei trengde for å drive sorggrupper. No vert det starta ein fylkesomfattande innsamlingsaksjon. I tillegg har no Stryn Ping Pong Club aleine gjeve 15.000 kroner.

Marit Sandnes Skrede

SAMLAR INN: Dagleg leiar i frivilligsentralen i Stryn, Marit Sandnes Skrede, og Mental Helse har førebels eit koordinerande ansvar for innsamlingsaksjon.

Foto: Privat

Reaksjonane har vore sterke etter at NRK fortalde at fylkesmannen hadde sagt nei til å støtte Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord - LEVE sine sorggrupper i Sogn og Fjordane med 15.000 kroner.

I Stryn har no både privatpersonar og organisasjonar teke initiativ til ein privat innsamlingsaksjon for å kunne gje LEVE den støtta dei treng for å drifte sorggruppene her i fylket.

Trur at mange vil gje

– Ein privatperson gjekk ut på Facebook og sa at han ville gje 1000 kroner til organisasjonen LEVE. I Mental Helse Stryn og Hornindal så snakka vi saman i styret og vedtok at vi også skal gje 1000 kroner, fortel Marit Sandnes Skrede, dagleg leiar i Stryn frivilligsentral.

Med frivilligsentralen som base går det no ut ei oppmoding til alle andre organisasjonar i Sogn og Fjordane om å støtte arbeidet til LEVE.

– Det går ikkje an at ein så viktig organisasjon skal leggje ned sorgarbeidet fordi dei ikkje får så lite pengar. Det gjeld 15.000 kroner og det er ingenting i den store samanhengen. Det er mange som er råka av sjølvmord og vi tenkjer at det er viktig å støtte LEVE og stå saman i dette, seier Skrede.

Kan også be næringslivet om hjelp

– Kan det vere aktuelt å be næringslivet om støtte?

– Dersom dette ballar på seg og vi ser at det er viktig å få fleire støttespelarar, så er det ikkje vanskeleg å be næringslivet. Verken i Stryn eller i resten av Sogn og Fjordane.

Skrede peikar på at det er eit stort samfunnsproblem med sjølvmord i Norge og at dette er mange som vert råka av dette.

– Det er viktig at vi står saman og er åpne om denne tematikken. LEVE gjer ein svært viktig innsats for dei pårørande. Det tenkjer eg er det viktige i dette.

Nils-Petter Hauge

MANGLA PENGAR: Nils Petter Hauge i LEVE Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Reagerte sterkt på avslag

Nils Petter Hauge, styremedlem i LEVE Sogn og Fjordane, forklarte problemstillinga slik for få dagar sidan.

– Vi søkte om 15.000 kroner for å drifte sorggrupper for etterlatne etter sjølvmord. Det er eit tilbod vi har hatt i fylket i mange år. Vi fekk avslag, med grunngjevinga at årets tilskotsmidlar ikkje skulle gå til psykisk helse, men til eit anna viktig område. Dermed ser vi ikkje anna råd enn å leggje ned sorggruppene, seier styremedlem i LEVE Sogn og Fjordane, Nils Petter Hauge.

Organisasjonen LEVE vart etablert i 1999 og er ein frivillig organisasjon som har som mål å sikre omsorg og støtte til etterlatne ved sjølvmord, samt førebyggje og redusere talet på sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

– Kjennest ubehageleg

– Vi opplever det litt merkeleg når vi søkjer om så lite pengar til noko som gir så stor effekt. Vi tykkjer det er rart at tilskotsordninga ikkje tek omsyn til den type tema som vår omsorg har fokus på, seier Hauge.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, legg ikkje skjul på at han gjerne skulle ha hatt pengar til å innvilge søknaden frå LEVE i Sogn og Fjordane.

– Når ein organisasjon som jobbar med eit viktig felt søkjer om ein liten sum, som eg reknar med dei høgst sannsynleg vil vere i stand til å bruke på ein fornuftig måte, så kjennest det ubehageleg å ikkje ha noko å gi ut, seier Stensland.

I kveld kom det også fram at Stryn Ping Pong Club blar opp 15.000 kroner til LEVE, melder Fjordingen.

Dermed har LEVE på berre eit par dagar fått inn meir enn det dei opphaveleg søkte fylkesmannen om.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.