Hopp til innhold

Starta valkamp med tunnelframlegg

Etter at kommunen har fått middel til den nye Loftesnesbrua, lanserer Sogndal SV tunnel frå Loftesnes til Valeberg som neste store prosjekt.

Hallgeir Langeland og Vibeke Johnsen

FARLEG: Stortingsrepresentant for SV, Hallgeir Langeland, har stor forståing for Vibeke Johnsen og Sogndal SV sitt tunnelkrav under valkampopninga laurdag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Regjeringa føreslår i framlegget til Statsbudsjettet for neste år å leggje nær 300 millionar kroner på bordet for å erstatte Loftesnesbrua i Sogndal.

Då Sogndal SV starta valkampen laurdag, var det med framlegg om å ta arbeidet eitt steg lengre.

– Vi meiner det er viktig når brua kjem på plass, at arbeidet der opnar for moglegheita for neste store prosjekt, som må vere tunnel frå Loftesnes til Valeberg. Nettopp for å utløyse trygg veg og ikkje minst ein trygg gang- og sykkelveg mellom Sogndal og Kaupanger, seier Vibeke Johnsen.

Reell sykkeltrasé

– Det er ei viktig transportåre og skummel veg, held Johnsen fram.

Samstundes som tunnel flyttar trafikken, og kortar avstanden til og frå ferjekaien på Mannheller, poengterer Johnsen at gang- og sykkelveg mellom nabobygdene også vil ha ein miljømessig vinst.

(Artikkelen held fram under kartet)

SV vil ha tunnel frå Sogndal til Valeberg.

TUNNEL: Den raude linja viser strekkja som SV ynskjer å leggje i tunnel.

Foto: Google Maps

– Det meiner vi kan overføre persontransporten i dag frå privatbil til mellom anna miljøvennleg sykkel. Det er viktig mål for oss å redusere den korte trafikken. For mange er Sogndal–Kaupanger eit heilt reelt sykkeltrasé. I dag er det umogleg på grunn av veldig farleg veg, seier ho.

– Det ser farleg ut

Under valkampstarten i saftbygda hadde Johnsen følgje av stortingsrepresentant Hallgeir Langeland. Han kom sjølv køyrande på riksveg 5 og fekk ikkje noko positivt inntrykk av hovudvegen gjennom kommunen.

Han har stor forståing for framlegget frå lokalpartiet.

Hallgeir Langeland i samtale med potensiell veljar for SV.

FORSTÅR: Hallgeir Langeland kasta glans over valkampstarten i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det ser veldig farleg ut og eg forstår godt at folk ikkje vågar å sykle der, seier han og lovar å ta framlegget med seg til Løvebakken der Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV no sit og forhandlar om Nasjonal Transportplan.

Vil drøfte

Kor mykje ein slik tunnel vil koste, er det ingen som har rekna på.

– Kor reelt er det å få inn nye prosjekt i NTP på dette tidspunktet?

– Veldig krevjande, og eg kan ikkje love anna enn å ta det med meg attende til Oslo. Men eg vil ha meir informasjon om dette og drøfte det med dei andre to regjeringspartia, seier Langeland og meiner framlegget er heilt i trå med partiet sin politikk.

– Utgangspunktet vårt er å kutte motorvegar rundt dei store byane, for å bruke pengar på vegar, rassikrings- og trafikksikringsprosjekt i distrikta, seier Langeland.