Hopp til innhold

Desse vegprosjekta får pengar

Regjeringa legg opp til å løyve fleirfoldige millionar kroner til ulike vegprosjekt i fylket.

E39 mellom Sande og Årbergsdalen i Gaular

UTBETRING: E39 ligg inne med fleire løyvingar til utbetringsprosjekt. Bilete er frå Sande og Åbergsdalen i Gaular.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I føremiddag presenterte regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for neste år. I Sogn og Fjordane ligg fleire vegprosjekt inne med midlar:

  • I framlegget er det føreslått 95 millionar kroner til utbetring av Lavik ferjekai. Prosjektet omfattar bygging av ny kai og omlegging av E39 på ein kring 0,6 kilometer lang strekke utanom Lavik sentrum, oppgradering av 0,7 kilometer av fylkesveg 607 og bygging av kring 0,5 kilometer gang- og sykkelveg. Bygging av nytt kryss på strekka og naudsynte omleggingar av lokalvegsystemet er også omfatta av prosjektet.
  • Det er prioritert midlar til utbetring av Oppedal ferjekai på E39. I tillegg er det prioritert statlege midlar til å sluttføre E39 Anda ferjekai.
  • Det er føreslått 65 millionar kroner til strekka Torvund - Teigen på E39. Prosjektet blir opna for trafikk i desember i år og omfattar ein kring 5,5 kilometer lang strekke. Den nye vegen vil føre til ei innkorting av E39, Kyststamvegen, med 0,9 kilometer.
  • På same stamveg er det føreslått 20 millionar kroner til Dregebø - Grytås, samt Birkeland - Sande. Strekningane blir bygde som eit prosjekt, og omfattar åtte kilometer ny veg, med tre kilomter i ny trasé forbi Sande sentrum, ein kilometer lang tunnel langs Økslandsvatnet, ny bru på kring 100 meter og to kilometer gang - og sykkelveg ved Sande. Det er lagt opp til anleggsstart i februar neste år.
  • Kvivsvegen, som nyleg vart teken i bruk mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, ligg inne med 55 millionar kroner. Midlane vil gå til restarbeid. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal til Geitvika i Volda kommune. I tillegg til kring tre kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelveg. Ein kring 6,5 kilometer lang tunnel, tre korte tunnelar og to bruer inngår også i prosjektet som gir ferjefri riksveg mellom Nordfjord og Sunnmøre.
  • Det er prioritert midlar til å vidareføre bygginga av gang- og sykkelveg på E39-strekka Klokkargarden - Hjelle i Fjaler kommune.
  • Det er føreslått 144,8 millionar kroner til å vidareføre arbeidet på E16 Smedalsosen - Maristova - Borlaug. Prosjektet omfattar omlegging av ei kring 11 kilometer lang strekke. Fire rasutsette punkt skal fjernast, og det skal byggast kjettingplass. I tillegg skal forholda leggast betre til rette for venting i samband med kolonnekyring, både for E16 over Filefjell og for riksveg 52 over Hemsedalsarbeidet. Hovudarbeidet starta i 2011, og prosjektet er venta opna for trafikk sommaren 2014.
  • Loftesnesbrua på riksveg 5 gjennom Sogndal kommune ligg inne med ti millionar kroner. Brua i dag er for smal og har ikkje fortau. Prosjektet omfattar ny bru og tilstøytande gang- og sykkelveg. Det er lagt opp til anleggsstart våren 2013, og prosjektet er venta opna for trafikk 2015.
  • Utbetringa på strekninga Rise bru - Stryn Aust på riksveg 15 er føreslått vidareført.
  • Ved ein del jernbanestasjonar og haldeplassar vil det i høve passasjergrunnlaget vere for kostbart å utføre naudsynte ombyggingar for å oppfylle bestemmelsane som gjeld utforming av plattformar og stasjonar. For Flåmsbana gjeld dette Dalsbotn og Kårdal i Aurland kommune. Dalsbotn blir lagt ned frå ruteendringa i desember i år, medan Kårdal, som ikkje er i bruk, blir lagt ned frå ruteendringa i desember 2013.

Når det gjeld Stad skipstunnel, er prosjektet omtala i statsbudsjettet, men det blir vist til at tunnelen er omtala i Nasjonal transportplan 2010-19.

Ein eventuell byggestart vil skje i siste halvdel av planperioden. Føresetnaden er at prosjektet har tilstrekkeleg samfunssmessig nytte, og at regjeringa vedtek å gå vidare med prosjektet.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med saka på ein eigna måte, skriv departementet.