Hopp til innhold

Stansar vegarbeid i påskeveka

I påskeveka kan du stort sett rekne med å sleppe å stå i kø for vegarbeid, og ferjekapasiteten blir auka på dei store utfarts- og innfartsdagane.

Lavik Oppedal

PUST UT: Det blir ikkje køar i påskeveka, i alle fall ikkje på grunn av vegarbeid. Men ein og annan ferjekø, blir det nok.

Foto: Helge Aske

I Sogn og Fjordane blir det mellom anna stans i arbeidet i Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland.

For dei som køyrer mellom Oppedal og Bergen er det greitt å vite at dei også kan køyre uhindra gjennom Bjørsviktunnelen og Mundalsbergtunnelen på E39 i Hordaland.

Norled set inn ei ekstra ferje på sambandet Lavik-Oppedal fredag 7. april mellom klokka 14.30 og 21, onsdag 12. april frå klokka 13 til 19 og første og andre påskedag, også då frå klokka 13 til 19.

Må utstyre seg

Statens vegvesen ber dei som skal køyre privatbil over fjellovergangane om å utstyre seg med tanke på at dei kanskje må køyre i kolonne.

I så fall kan det bli ventetid på kolonnekøyringa, og då er det lurt å ha mat og drikke med seg, og ha varme kle tilgjengeleg.

Lykt, slepetau og spade bør og vere med i bilen, og det bør vere rikeleg med drivstoff på tanken. Under sjølve kolonnekøyringa skal bilane ha på naudblink, bruke lufteanlegget for å kjøle ned kupeen og dermed unngå ising på frontruta.

Vente roleg

Dersom det blir stopp, skal alle i bilen bli sittande og vente på hjelp. Å forlate bilen kan vere livsfarleg.

Mange av fjellvegane blir og brukt som utgangspunkt for skiturar.

Vegvesenet ber om at dei som set frå seg bilen langs vegen parkerer godt utfor vegbana, helst på brøyta parkeringsplass, og ikkje rett bak ein sving.