- Vi sat i leiligheita til syster mi og diskuterte saka, og Øyfred var sjokka over at nokon kunne ha gjort noko slikt, fortalte søskenbarnet i retten i dag.
- Øyfred er ikkje ein person som kan gjere noko slikt. Han er ein god person, forklarte søskenbarnet, som først drapssommaren byrja å vere saman med Standnes på fest.
Smilte oppmuntrande
Også under dette vitnemålet stod alkohol sentralt. Søskenbarnet fortalte at Standnes brukte å drikke ein god del når han skulle ut. To til tre sekspakningar øl pluss ein del whisky eller noko anna, fortalte slektningen.
Han meiner Standnes var svært full kvelden på Riverside.
- Han var bort til meg fleire gongar i løpet av ein halvtime og spurte om røyk. Han hugsa ingenting, fordi han fekk ikkje med seg at eg ikkje hadde røyk, forklarte søskenbarnet.
Søskenbarnet sa at han ikkje har merka noko påfallande med Standnes etter drapet på Anne Slåtten. Han smilte oppmuntrande til Standnes idet han forlet salen.
Aldri utidig
- Eg opplever Øyfred som ein omsorgsfull person. Han har teke vare på meg når eg sjølv har vore for full. Det sa ei av veninnene til Standnes som også forklarte seg i lagmannsretten i dag.
- Han har aldri vore utidig. Eg kjenner ikkje igjen den opplevinga av Øyfred som eg ha sett skildra i denne saka, sa ho.
Vitnet sa at ho ikkje forstår at Standnes kan ha teke livet av Anne Slåtten. Eg tenkjer og tenkjer på det heile tida. Ein ting som gneg meg er at 'herregud, no har Øyfred trakka i salaten, og hamna på feil plass på feil tid'. Han kan ha kome på plassen og funne ho og spurt om ho søv eller ruska i ho. Denne tanken har plaga meg, sa veninna.
Ho sa også at Øyfred hadde fått ei halvflaske med whisky på vorspielet før dei drog til Førde.
- Kjekk og omgjengeleg
Også ein arbeidskollega av Standnes var kalla inn som vitne i dag.
- Eg har ikkje noka tru på at det er han som har gjort denne handlinga. Det er han berre ikkje typen til, sa mannen, som skildra Standnes som kjekk og omgjengeleg.
- Han har eit problem, og det er at han drikk litt for masse. Men ovanfor meg er han alltid grei på fest, og det går eg ut frå han er mot andre også.
Heller ikkje arbeidskollegaen har opplevd at Standnes på nokon måte har endre oppførsel etter drapet.
Alltid velkomen
Også ein barne- og ungdomsarbeidar frå Bygstad skildra Standnes som ein svært omgjengeleg mann i retten i ettermiddag. Han kjenner Standnes etter å ha hatt sommarjobb på Sunnfjord Sag for mange år sidan.
På spørsmål frå forsvararen sa han at Standnes aldri har vore aggressiv.
- Eg trur det er feil person som er teken her. Hadde han utført drapet, ville han sagt ifrå. Han hadde ikkje klart å bere på noko slikt, sa mannen.
- Eg vil berre leggje til at du alltid vil vere velkomen hjå oss - uansett korleis det går i denne saka, sa barne- og ungdomsarbeidaren til Standnes då han var ferdig med si forklaring.