Hopp til innhold

Stal identiteten til kjærasten og lurte bankar for over ein halv million

Den islandske mannen i 40-åra brukte sommaren 2019 til å stjele kjærasten sin identitet og klarte å lure norske bankar til å betale ut over ein halv million kroner medan ho sov.

Bankar blei lurte av mann

BLEI LURTE: Santander, Komplett, Thorn og Bank Norwegian gav mannen forbrukslån for til saman 550.000 kroner.

Foto: Collage av logoar

I ein fersk dom frå Sogn og Fjordane tingrett kjem det fram at mannen er ein gjengangar når det kjem til svindel og bedrag.

Ifølgje retten er mannen straffa fleire gonger tidlegare på Island for dokumentfalsk og bedrageri, siste gangen i 2018.

Denne gongen var det den dåverande norske kjærasten hans som fekk føle på kroppen metodane han har brukt før.

Heilt uvitande blei ho eit offer for identitetstjuveri, der mannen brukte hennar bank-id til å skaffe seg høge forbrukslån frå blant anna Bank Norwegian og Komplett Bank. I alt over 550.000 kroner.

– Han har i graverande grad misbrukt den omsorga og tilliten ho viste ved å la han få bu hos seg. Han har innrømma at handlingane i hovudsak blei utført medan ho sov, står det å lese i dommen.

Ikkje nok med det. Han fekk også kjøpt ei seng på avbetaling i hennar namn, ei seng som no blir inndrege for å betale tilbake gjelda han sette ho i.

I tingretten la islendingen alle korta på bordet, noko som retten meiner kan vere bra for ekskjærasten og hennar kamp for å reinvaske seg frå gjelda han stifta.

Mannen må no sone sju månader i fengsel. Han er for tida varetektsfengsla i påvente av fullbyrding av fengselsstraffa.

Dei siste åra har over 150.000 nordmenn blitt utsett for ID-tjuveri.