Hopp til innhold

Tre sogningar i startellevaren då Stabæk møtte Wolfsburg i Champions League

I går tapte Stabæk 1–0 mot tyske Wolfsburg i Champions League i fotball for kvinner. Av dei 11 som starta kampen for Stabæk var tre frå Sogn.

STABÆK 20141008.Champions League kvinner Stabæk fotball- Vfl Wolfsburg Nadderud stadion. Luisa Wensing i duell med Elise Thorsnes i Champions league mellom Stabæk og Wolfsburg på Nadderud stadion onsdag.Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

SOGNING I CHAMPIONS LEAGUE: Elise Thorsnes (blå drakt) i duell med Luisa Wensing i Champions League-kampen mot Wolfsburg.

Siri Nordeide Grønli frå Høyanger var høgreback, Stine Pettersen Reinås frå Sogndal midtstoppar og Elise Thorsnes frå Leikanger kantspelar.

Elise Thorsnes måtte forlate bana etter 47 minutt på grunn av ein ankelskade som har plaga henne ei stund. Dei to andre fekk spele heile kampen.

Sjølv om det ikkje var moro med skaden syntest Elise Thorsnes det var stort å spele mot Wolfsburg.

– Det var ei kjekk oppleving. Champions League er det største du kan oppleve innan klubbfotball. Vi heldt dei godt lenge og spelte ein god kamp, så eg er nøgd.

– Kan slå dei

Stabæk tapte 1–0 på heimebane mot det tyske laget som vann heile Champions League i fjor. Dette er det suverent sterkaste tyske laget. Ein stor del av det tyske landslaget spelar der, i tillegg til den norske landslagsspelaren Caroline Graham Hansen.

Men Elise Thorsnes meiner Stabæk kan vinne returkampen i Tyskland.

– Dei var ikkje så gode som eg trudde, så med litt flaks så kan vi slå dei.

Ho veit ikkje enno kor alvorleg skade ho har fått.

– Eg skal på sjekk i dag, så har vi viktige seriekampar som vi må vinne for å ta seriemeisterskapen. Eg spelar kamp når eg er klar for det.

– God oppskrift

Ho rosar miljøet i Stabæk.

– Vi er ein god gjeng som er ein del i lag på fritida også, og det er ikkje slik at vi som er frå Sogn heng ekstra mykje i lag.

Men ho er stolt over at det er tre spelarar som er fostra opp i Sogn som har plass i førsteellevaren til Stabæk.

– Det viser at sjølv om du kjem frå ein liten plass så går det an, eg trur det er ei god oppskrift å kome frå bygda.