Hopp til innhold

Spytta oppkastrestar i politibilen før han truga med å banke opp politifolka

Mannen hadde tømt i seg ei flaske Jägermeister, tre øl og to shottar med tequila før politiet tok han med seg. Sjølv hugsar han ingenting frå sommarnatta i fjor.

Den rusa festivalgjesten i 20-åra var så full at politiet meinte han ikkje greidde å ta vare på seg sjølv. Dei bestemte seg difor for å køyre han til arresten vel halvannan time unna.

Køyreturen i fjor sommar vart av det strabasiøse slaget, då sunnfjordingen slett ikkje gjekk med på å avslutte festen. For å få han med seg måtte politiet sette handjern på han, før han blei plassert i baksetet på ein vanleg politibil saman med den eine av politifolka.

På turen kasta mannen opp minst tre gonger, og så byrja han å spytte oppkastrestane framfor seg. Politimannen som sat ved sidan av han heldt då handa si mot ansiktet til mannen, slik at ansiktet vart retta mot ruta.

Det likte ikkje sunnfjordingen som svara med å kalle politifolka for «jævla politi», før han fleire gonger truga med å «ta» og «banke opp» politibetjentane i bilen.

Etter å ha sett på den sinte mannen ei spyttehette, fekk politifolka i bilen ordna med at ein politibil med eiga celle skulle kome dei i møte. Etter å ha flytta mannen over i den andre bilen fekk dei slutt køyrt han til arresten.

Sogn og Fjordane tingrett finn ingen grunn til å tvile på at mannen sette fram truslar mot politifolka slik det står i tiltalen. Dei skriv i dommen at mannen ved å seie at han skulle «ta» og «banke opp» politibetjentane sette fram truslar med mål om å hindre politiet i arbeidet sitt.

Mannen har også sjølv erkjent at han truga politifolka, sjølv om han ikkje hugsar noko. Retten viser vidare til at truslane er i det nedre sjiktet når det kjem til alvorsgrad, og at saka har blitt liggande i vel eitt år etter at den var ferdig etterforska.

Sogn og Fjordane tingrett har difor dømd mannen til 16 dagar fengsel, med ei prøvetid på to år for truslar mot offentleg tenestemann. Sunnfjordingen må også betale 4000 kroner i sakskostnader.

Mannen var også tiltalt for å ha sparka hardt og målretta mot ansiktet til den eine av politifolka i samband med overflyttinga mellom dei to politibilane. Dette vart han frikjent for, då retten ikkje kan utelukke at sparket var ei rørsle som blei gjort for å få orden på ei kneskål som var gått ut av ledd.