Hopp til innhold

Sprengkulda hindrar E16-arbeid

Temperaturar ned mot 30 minusgrader er ikkje ideelt for vegarbeid ute i dagen. Difor har ikkje anleggsarbeidarane på E16 på Filefjellet fått gjort så mykje denne veka.

Anleggsarbeid på E16 Filefjellet

FOR KALDT: Slikt arbeid har dei måtta vente med til utpå dagen på Filefjellet siste veka.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

Prosjektleiar Trond Simensrud i entreprenørselskapet Hæhre seier at dei må ta omsyn til både folk og maskinar når det blir så kaldt.

– For dei som arbeider ute i dagen med betongarbeid og grunnarbeid blir det kaldt. Det same gjeld for maskinane våre, så denne veka har vi nok stått mykje stille, særleg tidleg på dagen, for å ta omsyn til både folk og maskinar.

Trond Simensrud

TAPER PENGAR: Prosjektleiar Trond Simensrud i Hæhre Entreprenør.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

– Løner seg å stå stille

Stålet i anleggsmaskinane kan fort knekke eller få sprekkar når det blir svært kaldt, hydraulikken er også utsett. Derimot går det greitt å få opp temperaturen på motorane, og kupeane i moderne anleggsmaskinar er godt isolerte.

– Denne veka har det vore så kaldt at vi har vurdert det slik at det løner seg å stå stille til temperaturen kjem seg, og maskinførarane må passe seg for ikkje å bryte laus på dei største blokkene.

Dermed har det blitt mykje opphald på brakkene denne veka, iallfall første delen av dagane. Temperaturen har gjerne stige til opp mot minus 20 utpå dagen, og då har det vore mogeleg å gjere ein del.

Tunnelarbeidet går sin gang

Men inne i Filefjelltunnelen har arbeidet gått for fullt også denne veka, seier Simensrud.

– Det er litt trekk og kulde ved opningane, elles er det stabile temperaturar inne i tunnelen.

Iskald køyretur på Filefjell 5. januar 2016

BRRRR...: Tysdag morgon var det minus 30,5 grader på vegen over Filefjellet.

Foto: Joakim Steig Synnevåg

Sjølv om det ikkje har blitt gjort så mykje ute i dagen denne veka så er ikkje prosjektsleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen uroa for framdrifta på anlegget.

– Vi fekk gjort meir enn rekna med i fjor vinter, så vi ligg godt føre framdriftsplanen. Det er litt verre for entreprenøren, for dei taper pengar når dei ikkje får gjort noko.

Dette stadfestar Trond Simensrud i Hæhre.

– Økonomisk sett er ikkje dette gunstig for oss. Får vi lange kuldeperiodar kjem vi til å merke det. Denne veka har vi hatt fornuftig alternativ sysselsetting, så vi får krysse fingrane for at sprengkulda ikkje blir langvarig.

Kaldt i fjellet

KALDT, MEN VAKKERT: På spasertur langs E16 over Filefjellet .

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Høgt straumforbruk, men ikkje rekord

Kraftselskapa i fylket melder om høgt straumforbruk, men ikkje rekordhøgt. Korkje Sognekraft, SFE eller Sunnfjord Energi har problem med linjenettet.

Nettsjef Arild Fleten i Sunnfjord Energi fortel at det høgaste forbruket dei har notert dei siste sju åra var den 8. januar 2010, altså for nøyaktig seks år sidan.

– Då var det 19 kuldegrader i Førde, og forbruket var 100 megawatt. I dag er forbuket på 93 megawatt.