Hopp til innhold

Sprang løp i Utladalen i fjor - no er han sakna

Seinast i fjor deltok den sakna mannen frå Eritrea i Vettisløpet. Laurdag morgon tek politiet og frivillige opp att leitinga etter 24-åringen i Utladalen i Årdal.

Sakna asylsøkjar frå Eritrea

DELTOK I LØP: Den sakna eritrearen deltok i Vettisløpet i fjor, og var godt kjend i området i Utladalen.

Foto: Privat

– Vi gjer eit forsøk, vi satsar på å setje i gang laurdag morgon. Vi skal søke ved Vetti Gard og Vettisfossen, og jobbar utover med tanke på finsøk, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, til NRK.

Den 24 år gamle eritreiske mannen, som har fått innvilga opphaldsløyve i Norge, vart sist sett torsdag 23. mai. Den siste sikre observasjonen av han vart gjort torsdag ettermiddag ved Vetti Gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Skal gjere finsøk på Vetti

No har lensmannskontoret i Årdal fått løyve til å starte opp att leiteaksjonen, og vonar at så mange som mogleg blir med.

– Eg har ikkje full oversikt enda, men vi tek imot dei som kjem, og vi har laga ein plan i forhold til søket. Vi startar ved Flaten og Vetti Gard og utvidar vi søksområdet ut frå dei mannskapa vi får, seier Knudsen.

– Som nåla i høystakken

Han legg vekt på at dei vil vere så sikre som råd er på at dei har sjekka alle tenkelege stader i leitinga etter den sakna mannen.

– Vi ønskjer å vere sikker på at vi kan gå i mot sommaren med at vi har sjekka Utladalen godt nok. Så vil vi gå litt utover stiane for å kvalitetssikre. Vi leitar etter den berømte nåla i høystakken, ut frå dei opplysningane vi har.

– Kunne ein ikkje berre ha halde fram leitinga frå starten av?

– No er det slik at det var utruleg mykje mannskap i gang med leiting frå starten av. Vi heldt jo på heile pinsa. Dette er jo friviljuge folk som har jobbar. Då var det naudsynt med den pausen vi har hatt, slår Magne Knudsen fast.