Hopp til innhold

Skal diskutere kva som skjer vidare i forsvinningssaka måndag

Søket laurdag førte ikkje til funn av den sakna 24-åringen frå Eritrea. I morgon skal politiet diskutere kva dei gjer vidare.

Sakna asylsøkjar frå Eritrea

INGEN SPOR: Den sakna eritrearen deltok i Vettisløpet i fjor og skal vere godt kjend i området i Utladalen. Trass i iherdig leiting er det ikkje gjort funn av mannen.

Foto: Privat

– Eg og regionlensmannen i Sogn, Arne Johannessen, skal ha ein prat i morgon. Så får vi sjå, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Den 24 år gamle mannen frå Eritrea har vore sakna sidan torsdag 23. mai. Då vart han observert ved Vetti Gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Laurdag vart det gjennomført finsøk i området rundt Vetti og Vetti Gard. Det vart også søkt i Fardalen, men trass i stor innsats, vart det ikkje gjort funn.

Har brukt nærare 150.000 kroner på søk

Med på leitinga var også 36 personar frå det eritreiske miljøet i Sogndal og Årdal.

– Det er rørande at så mange stiller opp. Dette syner berre nok ein gong at når det trengst, så stiller folk i Sogn og Fjordane opp, seier Knudsen.

Politietaten har 150.000 kroner til rådvelde til søk etter antatt omkomne personar. Knudsen er klar på at pengesekken truleg er så godt som tom.

– Eg har ikkje fått alle rekningane, men vi er nok i nærleiken av den summen, ja, seier Knudsen.

– Betyr dette at det ikkje vil bli leitt noko meir?

– Vi kan leite, men det må vere ei meining med det vi gjer. Eg håpar vi finn ei løysing måndag. Det er i grunnen alt eg kan seie, seier Knudsen.

Fardalen og Vettisdalen

Meiner dei har søkt der dei burde

Han understrekar at det var viktig å få gjennomført finsøk i det populære turområdet i Årdal.

– Vi hadde kvalitetssøk i går, og det er viktig. Det går mykje folk i området, og vi føler vi har fått søkt så grundig som vi kan, for å unngå belastande situasjonar, seier Knudsen.

Lensmann Magne Knudsen

FÅ SPOR: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier politiet har få spor å gå etter.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Burde de ha utvida søkjeområdet og gått lenger innover på fjellet enn der de no har søkt?

– Eg tenkjer at vi har søkt der vi burde søkje, seier Knudsen.

24-åringen forsvann i eitt døgn for seks månadar sidan. Den gongen var han i Fardalen, og oppgav som årsak at han hadde trong for å vere for seg sjølv.

– Vi veit at han har vore sterkt religiøs og at han har hatt behov for å vere åleine, seier Knudsen.

Har ikkje fått mobilsvar

Mannen hadde lagt att mobiltelefonen, men hadde med seg lommebok då han forsvann. Men politiet har ikkje avdekt rørsler eller bruk av minibankkortet til mannen.

– Nei, det er ingenting som tyder på det. Når det gjeld mobilen så er den sendt inn, men vi har førebels ikkje fått svar. Mogleg vi må kontakte Kripos for å få dei til å skunde på, seier Knudsen.

– Kan de sjå bort frå at mannen har forlate landet?

– Vi ser ikkje bort frå noko. Han kan sjølvsagt ha komme seg av garde, men vi har ikkje spor som tyder på det, seier Knudsen.