Hopp til innhold

Asylsøkar sakna i Årdal

Politiet leitar no etter ein asylsøkar i Årdal.

Sakna asylsøkar

SAKNA I ÅRDAL: Politiet vil gjerne ha tips om nokon har sette denne mannen.

Foto: Politiet

Han er opphavleg frå Eritrea, og vart meldt sakna av Asylmottaket i Årdal fordi ingen hadde sett han sidan førmiddagen torsdag 21. mai, seier Espen Gulliksen som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane

15 personar frå Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder er kalla ut for å hjelpe til med søk.

– Har de nokon formeining om kva som kan ha skjedd?

Utsikt frå Moakamben i Øvre Årdal

MOAKAMBEN: Utsikt frå turområdet der det no blir leita etter den sakna mannen frå Eritrea.

Foto: Siren B. Svortevik

– Vi har svært lite å gå etter. Han pleier å gå turar i eit turområde ved Moakamben i Øvre Årdal og vi søker no i dette turområdet.

– Kan han ha reist frå Årdal?

– Vi held alle moglegheiter opne, men etter det vi kjenner til skal han ha lagt igjen både mobiltelefon og lommebok på asylmottaket i Årdal.

Klokka 00.10: Opplyser politiet at dei har fått inn tips om at ein person som likanr det sakna kan ha vore observert i turområdet torsdag ettermiddag.

Poltiet held fram leitinga ei stund ut over natta.

– Vi har ein del hus og hytter som vi skal gjennomsøke, så det vil nok gå nokre timar før vi kan avslutte for natta, seier Gulliksen.

Håpar han blir funnen snart

Ved Årdal Mottakssenter håpar mottaksleiar Gunn Lerøy at den sakna mannen snart blir funnen

– Det er klart når han har vore vekke i eit døger så blir ein uroa, så vi håar han snart kjem til rette. Vi har no ein tett kontakt med dei andre bebuarane på mottaket, og orienterer dei om kva som skjer i forhold til leitinga.

Ut over dette syner ho til politiet for ytterlegare kommentarar.