Hopp til innhold

Spleiselag skal hjelpe Thorsnes

Ordførar Olav Lunden startar innsamlingsaksjon for å hjelpe Leikanger kommune sin einaste toppidrettsutøvar.

Elise Thorsnes

KAN JUBLE: Leikanger kommune har ikkje midlane, men eit lokalt spleiselag kan kanskje hjelpe landslagsspiss Elise Thorsnes ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Elise Thorsnes fekk nyleg beskjed om at klubben hennar, Røa, måtte kutte spelarløna med heile 75 prosent.

Olav Lunden

VIL HJELPE: Olav Lunden vil skipe innsamling for å hjelpe Elise Thorsnes.

Foto: Leikanger kommune

Etter å ha motteke eit friarbrev frå landslagsspissen, startar ordførar Olav Lunden i Leikanger eit spleiselag for å hjelpe 22-åringen til å betale rekningane hennar.

– Vi jobbar med lokalbankar, eit lokalt kraftselskap og nokre andre bidragsytarar. Ingenting er avgjort endå, men vi prøvar å finne ei ordning der vi alle fall kan støtte henne i ein periode, seier han til Aftenposten.

– Ikkje pengane som driv meg

NRK fortalde for kort tid sidan om den vanskelege økonomiske situasjonen ho har kome i. Årets toppscorar i eliteserien for kvinner vil truleg også få ei sentral rolle under fotball-VM i sommar .

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Elise Thorsnes er for god for toppserien

SJÅ: - Elise Thorsnes er for god for toppserien.

For ein mannleg fotballspelar ville det gjeve godt med klingande mynt i kassa. Thorsnes må derimot håpe at Leikanger gjer som Vik har gjort med skiskyttaren Ann Kristin Aafedt Flatland.

– Ein vert ikkje rik på å spele damefotball, og det er heller ikkje pengane som driv meg. Men det er likevel greitt å ha nok pengar til mat og sånn, forklarte Thorsnes til NRK .

Sjeleglad Thorsnes

Til NRK seier ordførar Lunden at Leikanger kommune ikkje har tilgjengelege midlar til å sponse Thorsnes åleine. Difor går han no i bresjen for eit godt gamaldags spleiselag.

– I tillegg til å gjere ein kjempejobb på bana, profilerer ho Leikanger på ein veldig god måte, seier han til Aftenposten.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Luselønn i kvinnefotball

SJÅ: Med ei snittløn på 154 000 kroner, hevar dei beste damespelarane luseløn i høve dei mannlege fotballspelarane på toppnivå.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med landslagsspissen. Thorsnes seier til avisa at ho sjeleglad for forståinga frå heimbygda.

– Eg ynskjer å kunne trene to gonger dagleg for å bli så god som mogleg. Å finne seg ein jobb akkurat no blir vanskeleg, sidan heile sommaren går med til VM og førebuing til meisterskapen. Til hausten skal eg studere, og då blir det for mykje å kombinere både studiar, jobb og toppfotball, seier ho.