Hopp til innhold

Skal kjempe om medalje i VM

Elise Thorsnes er mellom spelarane landslagstrenar Eli Landsem vil ha med seg til sommarens VM i fotball.

Elise Thorsnes

KLAR FOR VM: Elise Thorsnes er med i den norske troppen til fotball-VM.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Eg har først og fremst lagt vekt på kven som er best, men også kven som utfyller kvarandre best på bana. Vi har førebudd oss lenge, og vil jobbe hardt i innspurten inn mot VM, seier landslagssjef Eli Landsem.

Torsdag offentleggjorde ho den offisielle troppen på 19 spelarar til sommarens VM, Mellom andre kan Elise Thorsnes setje kursen mot Tyskland i slutten av juni.

– Både for rekrutteringa og statusen er denne meisterskapen enormt viktig. Vi er stolte over det kvinnelandslaget har oppnådd, og vi gler oss til å følgje med vidare, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb.

LES OGSÅ:

Elise Thorsnes står med seks mål på 40 landskampar. Leikanger-jenta spelar no for Røa i eliteserien.