Hopp til innhold

Spissduoen tilbake på trening for Sogndal

SOGNDAL (NRK): Etter lange skadeavbrekk er spissduoen Ole Amund Sveen og Martin Ramsland endeleg tilbake på trening i Sogndal. Og målet er opprykk.

Martin Ramsland og Ole Amund Sveen

TILBAKE: Martin Ramsland og Ole Amund Sveen gler seg over å endeleg vere tilbake på trening i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dette har eg venta på i nesten to år. Det er ein lang veg å gå til der eg var før eg vart skada, men dette var det første målet, seier Ole Amund Sveen.

Han er endeleg tilbake på Sogndal-feltet etter nesten to år med operasjonar, smerter og opptrening.

– Å vere ut på felt og trene med laget er sjølvsagt veldig morosamt, seier Sveen.

Vil vinne OBOS-ligaen

Det var i april 2017 Sveen blei skadd i ein kamp mot Stabæk. Sjølv om han merkar litt til skadane enno, går det rette vegen.

– Det er såpass lite at det ikkje plagar meg når eg speler. Det er ikkje lenge sidan eg hadde smerte når eg gjekk. Progresjonen det siste halvåret har vore enorm, seier han.

Medan Sveen er tilbake etter eit fråvær sidan april 2017, var spisskamerat Martin Ramsland vekke heile fjoråret. Også han er no tilbake i trening, og med ei tydeleg målsetjing.

– Eg trur vi vinn OBOS-ligaen. Det er målet, seier Ramsland, som har kunna trene med laget sidan byrjinga av januar.

Det er sjølvsagt veldig kjekt. Så ser eg fram mot å få vere med laget for fullt. seier han.

– Korleis har det vore å halde oppe motivasjonen det siste året?

– Som fotballspelar vil du sjølvsagt spele fotball. Dei dårlegaste periodane for laget, har vore dei tyngste for meg og oss som er skada. Du føler du ikkje får hjelpt laget eller gjort jobben din.

Frykta for karrieren

Sveen seier det som regel gått bra å halde motivasjonen oppe, med vedgår at det til tider har vore tøft.

– Det var ein periode eg var litt redd for å at karrieren skulle vere over, men eg greidde ikkje akseptere det. Eg ville tilbake på nivået eg var på, og hadde meir inne. Den kampen har eg vore ganske klar på heile vegen at eg skulle greie.

Han seier han har fått god støtte frå klubben, fysioterapeutar og trenar Eirik Bakke.

– Klubben har vore viktig og lagt alt til rette for at eg skulle klare det.

Han seier han i skadeperioden har han fått trent mykje styrke, og dessutan kjenner seg kjappare enn før han blei skadd.

– Ein må prøve sjå positivt på det og tenkje at ting kjem tilbake, og kanskje fortare enn ein trur.

Tilbake

Sogndal-trenar Eirik Bakke seier det framleis er ein veg å gå før Ramsland og Sveen er heilt tilbake, men synest det er gledeleg å ha dei på feltet.

– Martin er ein spiss vi sakna i fjor. Ole Amund skal kle mange roller, både kant og spiss. Dei skal få jobbe stille og roleg. Når sesongoppkøyringa er ferdig, håpar eg dei er klar.

Eirik Bakke, Sogndal fotball

MÅLET ER OPPRYKK: Sogndal-trenar Eirik Bakke er klar på kva ambisjonane til klubben.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Er det målet å rykke opp?

– Ja, det er klart det, seier Bakke.