Hopp til innhold

Spent på kva som kjem i kommuneproposisjonen

KS-leiar Jenny Følling håpar regjeringa aukar tapskompensasjonen til fylket når kommuneproposisjonen blir lagt fram i føremiddag.

Jenny Følling

SPENT: KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I dag vert det lagt fram to viktige papir som får mykje å seie for økonomien i fylket og kommunane framover. Klokka 11 legg finansminister Siv Jensen fram revidert nasjonalbudsjett, og kommunalminister Jan Tore Sanner legg fram kommuneproposisjonen for 2016.

– Eg håpar regjeringa følgjer komitemerknaden som KrF og Venstre kom med i fjor. For Sogn og Fjordane vil det kunne bety 22, 5 millionar kroner meir i inntekter, seier Følling.

Må kutte 250 millionar

Det er frå tidlegare kjent at Sogn og Fjordane må kutte 250 millionar over fem år.

– Eg håpar og at opptrapping blir vidareført til 2019 slik at det er føreseieleg kva økonomi fylkeskommunen skal ha i framtida. I fjor måtte vi sette vår lit til KrF og Venstre. Dersom det ikkje ligg inne noko opptrapping, må vi også i år sette vår lit til Venstre og KrF i forhandlingane fram til Stortinget skal handsame saka, seier Jnny Følling.

Revidert

Også revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram i føremiddag. På grunn av skattesvikt kan kommunane stå overfor kutt.

– Det er viktig at kommunane får kompensert for den skattesvikten som dei får i år.

Skattesvikten for kommunen er på nærare 1,9 milliardar kroner. Lågare utgifter og lønsvekst i privat sektor kan gi lågare utgifter i kommunane.

– Eg håpar vi ai alle fall kan få kompensert 1,5 til 1,6 milliardar kroner, slik at ein kan halde oppe aktiviteten i kommunane og ikkje m å justere aktiviteten i forhold til korleis skatten kjem inn, seier KS-leiaren i Sogn og Fjordane.