Hopp til innhold

Spekkhoggararfamilie leika seg i fjorden

For andre gong i år fekk Kristin Skahjem eit nært møte med ein flokk med spekkhoggarar som leika seg i Nærøyfjorden.

FLOKK: Ein større flokk med spekkhoggarar kom tett opptil båten. Video: Kristin Skahjem.

– Dette er rett utanfor Dyrdal i Nærøyfjorden. Absolutt ei spektakulær oppleving, seier Kristin Skahjem.

Ho anslår at det var om lag åtte spekkhoggarar i flokken som jakta og leika i området.

– Dette er tredje gongen dei er innom fjorden her i år. Eg var så heldig å få sjå dei også i januar, så dette var mitt andre møte med spekkhoggarar i år, seier Skahjem.

At spekkhoggarar tar turen til fjordane i Sogn og Fjordane er ikkje uvanleg. I fjor vart denne gjengen fanga på film i Førdefjorden og ein dryg månad seinare fekk ein familie nærkontakt med ein flokk i Sværefjorden i Balestrand.