Hopp til innhold

Så nær var spekkhoggaren

Terje Grønlund og familien fekk verkeleg nærkontakt med ein flokk spekkhoggarar i Sværefjorden i Balestrand.

Spekkhoggar i Sværefjorden

– KUNNE NESTEN TA PÅ DEI: Det er få som kjem så nær dei store havdyra.

Familien, som bur i Godvik ved Bergen, var på påskeferie i Sværefjorden då dei fekk telefon frå ein kjenning som gjorde dei merksame på at det var spekkhoggarar i fjorden.

– Vi såg dei på andre sida av fjorden, vi såg sjøsprøyten stod når dei var oppe. Så vi tok båten og køyrde roleg etter dei. Så venta vi til dei kom utatt frå Vetlefjorden. Og då kom dei så nær at vi nesten kunne ta på dei, fortel Terje Grønlund.

Med seg i båten hadde han kona, Karina Thue Grønlund, tre søner på 10, 12 og 17 år, og Heide Fritzka, som filma opplevinga.

Det var i alt fem spekkhoggarar, ein stor og fire litt mindre, som hadde teke turen inn Sognefjorden på jakt etter mat onsdag i påskeveka.

– I etterkant tenkte eg på at det kunne ha vore litt skummelt om dei hadde kome borti båten, men der og då var det berre ei artig og stor oppleving. Det var heilt vindstille og veldig klar sjø, så vi såg spekkhoggarane også når dei var djupt nede i fjorden. Det er ikkje var dag vi opplever slikt, seier Terje Grønlund.

Spekkhoggar i Sværefjorden

NATUROPPLEVING: Ryggfinnen til den eine spekkhoggaren bryt ein vindstille fjord.

Foto: Terje Grønlund