Hopp til innhold

Sjå kven som vitja Førdefjorden i dag

Vegard Nordeide Grytten trudde nesten ikkje sine eigne auge då han var på fisketur utanfor Ålesesundet i Førdefjorden.

Familie på fire spekkhoggarar vitja Førdefjorden

– Vi hadde vore ute og skulle fiske i Gjelsvika, men fekk ikkje fisk så vi snudde heimover. På heimturen oppdaga vi at det var noko framfor båten.

Og det som var framfor båten var ein flokk på fire spekkhoggarar.

– Først så vi nokre store finnar som vi trudde var nise, men då vi kom nærare så såg vi at det var fire spekkhoggar. To store og to litt mindre. Det var ei mektig oppleving.

Nordeide Grytten er oppvaksen ved Førdefjorden, men har aldri opplevde noko liknande tidlegare.

– Eg har sett spekkhoggar på langt hald, men det som var spesielt denne gongen det var at neste som spekkhoggarane følgde i straumen frå båten. Dei kom veldig nære, men dei såg ut til ha veldig god kontroll på at de ikkje skulle støyte bort i båten. Det var utruleg store og mektige dyr.

– Og dei fire spekkhoggarane er kanskje også forklaringa at det vart dårleg fangst på dykk?

– Vi spøkte litt med det i båten at det var ikkje rat vi ikkje fekk fisk når spekkhoggarane har vore her og tatt det mest, og elles skremd vekk dei få fiskane dei ikkje åt opp, seier Nordeide Grytten.