Hopp til innhold

Sparer på å stresse ned

FØRDE (NRK): Sjåførane stressar ned, slepp trafikken forbi, får ned ulukkestalet og utgiftene. Likevel kjem varene fram til rett tid.

Asgeir Ripe

MINDRE STRESS: Kvardagen for sjåførane er betre og rolegare etter at Transferd kom med i «På riktig side», seier Asgeir Ripe.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Asgeir Ripe er sjåfør og hovudtillitsvald i Transferd i Førde. Saman med kollegaene i 229 norske transportselskap er han med i eit program som er kalla «På riktig side».

– Vi prøver å sjå langt framover, sleppe gassen når vi kan og trille. Vi stansar på ferjekaiane og slepp medtrafikantane forbi, slik at dei kan køyre som dei vil. Så kan vi ligge bak og ta det med ro og likevel kome fram til omtrent same tid.

Det meste av det han gjer bak rattet blir registrert.

– Dei har full kontroll på det meste. Men det er eit godt tiltak som gjer at selskapet sparer pengar, sjåførane har ein rolegare og betre kvardag med mindre stress, og vi skaper eit betre omdøme for selskapet.

Det er Norges Lastebileierforbund – NLF – som står bak programmet. Hovudmålet er å få ned talet på trafikkulukker der vogntog er innblanda.

– Positive tilbakemeldingar

Nils Huus

– MANGE POSITIVE EFFEKTAR: Dagleg leiar Nils Huus i Transferd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og så langt i år er talet på dødsulukker med vogntog involvert rekordlågt. Men dette er ikkje den einaste positive effekten, seier dagleg leiar Nils Huus i Transferd.

– Vi ser at sjåførane køyrer meir defensivt. Tomgangskøyringa er redusert med fem prosent, og talet på kraftige oppbremsingar er redusert med 50 prosent, og det seier noko. Vi får ned stressnivået og tek meir omsyn til medtrafikantane.

Og akkurat det blir lagt det merke til.

– Eg har faktisk fått positive tilbakemeldingar frå medtrafikantar, og det har vi ikkje opplevd tidlegare, seier Huus.

– Ber om forståing i motbakkar

Huus fortel at dei ber sjåførane stanse når dei køyrer av ferjer for å sleppe annan trafikk føre, og dei gjer sitt for at mindre bilar kan køyre forbi dei på ein trygg måte.

Men i motbakkar der det er svingete er det ikkje like lett å kome forbi tunge vogntog. Eit slikt døme er Halbrendslia på E39 i Førde.

– Når du dreg på 50 tonn er det ikkje berre å stoppe. Det er tungt å kome i gang att, og det går ut over drivstofforbruket. Difor ber vi om at andre trafikantar viser forståing, seier Ripe.

Opp Halbrendslia på E39 i Førde er det vanskeleg å kome forbi tunge køyretøy.

LANG KØ: Denne spesialtransporten samla mange bilar bak seg på veg opp Halbrendslia på E39.

Transferd-bil slepp trafikk forbi

OMSYN I PRAKSIS: Medan NRK stod på utkøyringa på E39 i Halbrendslia køyrde denne Transferd-bilen ut og sleppte forbi bilane bak.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Farlege episodar på kvar tur

Det viktigaste er å få ned talet på ulukker. Men det er lite hjelp i om tungbilsjåførane brukar hovudet, dersom andre trafikantar ikkje gjer det. Asgeir Ripe seier han nesten kvar tur er vitne til farlege episodar.

– Særleg fredag ettermiddag på veg frå Oslo oppover Hallingdal kan det vere ille. Då er det særleg sjåførar av kraftige SUV-ar og Tesla som trur dei kan køyre forbi kvar det skal vere.

Asgeir Ripe og Nils Huus

FÆRRE ULUKKER: Asgeir Ripe og Nils Huus håpar at fleire gjer som dei, at dei stressar ned og unngår farlege situasjonar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK