Vi er i ferd med å endre reisevanar: Spår ein god turistsesong

Både utleigarar av feriehus og hotell i fylket melder om auka pågang denne sumaren. Fleire peiker på at reisevanane våre er i ferd med å endrast.

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune.

BUSSTURISTAR: Ei gruppe tyske bussturistar et medbrakt lunsj ved Oldevatnet. Slike turistar vert det ferre av.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– For vår del ser det ut til å vere ei auke. Det kan tyde på eit trendskifte, seier Asbjørn Ræstad, regionsjef for det internasjonale selskapet DanCenter AS, som leiger ut hus til turistar.

Dei har rundt 100 feriehus til å lokke turistane til Sogn og Fjordane. Og fleire og fleire vel denne typen ferie, seier Ræstad.

– Samanlikna med same tid i fjor har vi fem prosent auke.

Økonomisk opptur er nøkkelen

Dei fleste feriehusa ligg ved fjord eller kyst og har vore svært attraktive for fiskeglade tyskarar. Ræstad trur slike feriar er det turistane søkjer.

– Då kan dei vere meir for seg sjølve. Det er kanskje det som er trenden: Folk vil meir ut i naturen og vere åleine, fordi mange har krevjande jobbar. Husa som ligg fint nede ved fjorden, eller på kysten med utsikt, er dei som er mest ettertrakta.

Det kan vere fleire årsaker til auka interesse for desse husa, trur Ræstad.

– Eg håpar og trur Noreg er i ferd med å verte oppdaga. Ikkje berre i Tyskland, men også i den større verda. Det vert meir og meir omtale, og landet vårt vert meir og meir attraktivt.

– Økonomien har vorte betre i Tyskland, som er det viktigaste landet for oss i turistnæringa.

Trur på opptur for hotell- og cruisenæringa

Det er ikkje berre i feriehus rundt om i fylket at turistane vil vise seg i sommar. Kristian Jørgensen, direktør i Fjord Norge, trur årets sesong vil bli betre enn i fjor for fleire reiselivsaktørar.

Kristian Jørgensen

FLEIRE BESTILLINGAR: Kristian Jørgensen, direktør i Fjord Norge, trur på ein betre sesong i år.

Foto: Ketil Jordan/NRK

– Eg får tilbakemelding frå hotella om at dei får fleire bestillingar i år enn i fjor. Til trass for at vi veit at nokre vil falle frå utover våren, tyder tala på at det vert ein betre sesong, i alle fall for hotella, seier Jørgensen.

Både Kviknes Hotell i Balestrand og Fretheim Hotell i Flåm og Lærdal ferie og fritidssenter fortel at sommaren ser ut til å bli god for dei.

– Eg trur vi kjem til å sjå ei lita auke, seier hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra Hotel i Loen.

Richard Grov

Hotelldirektør ved Alexandra Hotell i Loen Richard Grov. Foto: NRK.

Ein god sesong så langt og fleire turistar i vente, gjer direktøren til optimist. Han trur på fleire besøkande, både frå utland og innland.

– På grunn av at den norske krona er svekka, er det auke i utanlandstrafikken. Erfaringsmessig ser vi at når krona svekker seg, at nordmenn er litt meir forsiktige med utanlandsturar. Det kan bety at fleire ønsker å ta ferien i eige land. Det vil vere positivt for oss, seier Grov.

Trur vi er i ferd med å endre ferievanane våre

Jørgensen i Fjord Norge seier det er hotel og cruisenæringa der ein spesielt ser ei auka interesse.

– Men når det gjeld campingnæringa er eg uroa. Den trur eg vil fortsetje å falle i året som kjem. Dei som tradisjonelt var campingturistar og bussturistar, vel no andre ferieformer.

Cruiseskipet Queen Mary 2 på veg innover Aurlandsfjorden

QUEEN MARY 2: Fleire vil reise sjøvegen, trur Jørgensen i Fjord Norge.

Foto: Jan Christian Jerving

Ei av desse nye formene er cruice.

– Fleire landbaserte turistar flyttar over på vatn. Så det er viktig at vi er flinkare til å hente verdiar ut av den typen turistar, sidan vi ser denne heilt tydelege endringa, seier Jørgensen.

Men sjølv om Fjord Norge er uroa for campingnæringa i fylket, kan Eli-Helga Grimsen ved Kjørnes Camping i Sogndal allereie melde om travle dagar.

– Vi har veldig bra med bestillingar på hyttene. På sjølve campingplassen er det vanskeleg å seie korleis det vil bli, for der har vi ikkje førehandsbestilling. Men på hyttene ser det veldig bra ut, det byrjar å verte fullt både i juli og august, seier Grimsen.

Beste månad camping-eigarane kan hugse

Jørgensen spår altså nedgang i campingen. Men dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, seier at det ikkje merkast i Sogn.

– Me har fått signal frå campingane om at april har vore ein veldig bra månad, faktisk betre enn dei kan hugse nokon gong, seier Brandshaug.

– Vi skal hugse på at Sogn og Fjordane er eit av dei fylka der me har fleire gjestedøger på hytter og camping enn på hotell. Veldig mange vel dette, til trass for at me har store og flotte hotell.

Han har snakka med campingane, og turistane kjem både frå Sverige, Noreg og Spania. Han trur besøket heng litt saman med sein påske og fint ver.

– Men eg trur også at den gode markedsføringa gjennom mange år har byrja å virke. Difor er folk kjend med tilboda som finst tidlegare på våren. Eg trur også vi vil sjå vekst ut mot august og september.

Men han trur også at den økonomiske oppturen i Europa og ei svekka krone er grunnane til den venta oppturen.

– Den store oppgangen i turistar frå Spania heng nok saman med betre økonomiske tider. Mange kjem også frå Asia, i alle fall til Sogn. Me trur på ein oppgang i år. Det ser betre ut enn i fjor.