Hopp til innhold

Satsar på store reiselivsaktørar for å få heilårsturisme

For å ta grep om heilårsturismen skal store reiselivsaktørar og Visit Sognefjord samlast. Reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, seier dei skal finne nye vinterprodukt.

Flåm og Brandshaug

SKAL LOKKE TURISTAR HEILE ÅRET: Ståle Branshauge i Visit Sognefjord skal samle store, sentrale reiselivsaktørar for å få dei til å satse i Sogn slik fjordar og fjell kan vere ein del av tilbodet for å sikre heilårsturisme.

Foto: NRK

Reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, tar initiativet frå Fjord1 og Kviknes som meiner store aktørar må engasjere seg i reiselivet i fylket.

Saman med nokre store sentrale reiselivsaktørar skal dei møtast i november for å sjå på eit heilt nytt vinterprodukt inn mot Sognefjorden og Sogn.

I tillegg skal dei møtast i Sogn for å diskutere ei vintersatsing, både med og utan ski. Den tredje tingen dei no skal sjå på potensiale gjennom ei kartlegging i regi av regionrådet - sjå på kven kundane kan vere og kva produkt som må løftast fram.

Problemet med heilårsturisme

Problemet med heilårsturisme har vore lenge. Brandhaug seier trafikken er låg vinterstid og dermed er det dårleg inntening.

– Difor er det så viktig at nokon av dei stor gå inn og torer å investere. Berre då kan mindre selskap gå inn og engasjere seg, og tene pengar.

Rikt tilbod av aktivitetar

Branshaug meiner fylket har langt meir å by på enn stormar og dårleg vêr og stormar.

– Vi har asiatar som kjem, og mange nordmenn som kjem til Sogn og Fjordane for å sjå og oppleve naturen. Heldigvis er jo fjordane opne heile året, humrar Brandshaug.

Han meiner fylket kan by på aktivitetar som klatring, tilbod med og utan ski. Dessutan har Sogn og Fjordane opne bedrifter vinterstid som tilbyr både servering og overnatting

Har jobba godt i mange år

Branshaug meiner det allereie er gjort eit solid arbeid med gode tilbod gjennom mange år. Mange gode produkt er allereie etablert. Men reiselivet må heile tida strekke seg for å bygge vidare på det som allereie ligg av tilbod.

Han meiner det er mykje positivt på gang og så snart nye produkt er klare vil ein ganske raskt merke auka turisme rundt til produkta som no vil bli løfta fram.