NRK Meny
Normal

Sp-nestleiar: – Vi må ha respekt for at folk har etablert seg

LOEN (NRK): Sogn og Fjordane Senterparti sin nye nestleiar meiner utflytting av etablerte offentlege arbeidsplassar frå Oslo er for vanskeleg, og at partiet dersom det kjem i regjering bør ha eit anna fokus.

Karoline Bjerkeset

VIL HA DISTRIKTSLØFT: Karoline Bjerkeset i Senterpartiet vil ha eit løft for distrikta om Senterpartiet kjem i regjering.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Senterpartiet har alltid ønska å flytte ut statlege arbeidsplassar. Men det vi ser og har gjort erfaring med, er at det er tungt å ta avgjerda om å flytte ut allereie etablerte statlege arbeidsplassar. Det er jo folk vi snakkar om. Folk som er etablerte. Det skal vi ha respekt for.

Det sa nyvald nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Karoline Bjerkeset, under fylkesårsmøte til partiet i helga.

– Eg håpar at Senterpartiet i regjering kan etablere eit prinsipp der den breie distriktspolitikken gjennomsyrer alt. At vi i staden for å få gjennomslag for å flytte ut nokre hundre arbeidsplassar, får etablert eit prinsipp om at alle nye arbeidsplassar skal flyttast ut, seier Bjerkeset.

Regjeringa og samarbeidspartia har varsla at dei vil flytte ut fleire hundre statlege arbeidsplassar ifrå Oslo, slik at dei kan hamne i mindre byar i staden.

Bjerkeset meiner ein heller må fokusere på å skape nye statlege arbeidsplassar i distrikta.

– Litt spissformulert: viss nye statlege arbeidsplassar ikkje treng gangavstand til Stortinget og Regjeringa, så få dei ut av Oslo, seier Bjerkeset til NRK.

Ho seier Senterpartiet ønsker ei kursendring.

– Vi ønskjer ein heilt annan samfunnsutvikling, og ikkje berre symbolpolitikk. Då må ein tenkje stort, distriktspolitikken må gjennomsyre alt.

Sveinung Rotevatn

TOLER BRÅK: Sveinung Rotevatn toler bråk, og seier at Senterpartiet si vegring for bråk er grunnen til at dei ikkje har fått til så mykje.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er eit bråk vi må tole

Stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn er ein av dei som har ivra mest for å flytte ut offentlege arbeidsplassar frå Oslo.

– Vi veit frå før av at Senterpartiet ikkje likar det bråket som kjem når ein flyttar ut offentlege arbeidsplassar, det er difor dei ikkje har fått til så mykje på det området. Det er likevel eit bråk vi meiner er naudsynt å tole.

Rotevatn presiserer at også Venstre og regjeringa opprettar nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo, men han seier at det ikkje er nok.

– Det kan hende Senterpartiet trur vi kan oppretta offentlege arbeidsplassar i det uendelege, men vi har jo allereie eit stort offentleg byråkrati, så skal det monne må vi også flytte noko ut.

Vegopning på Bergum i Førde kommune