Staten overtok i 2002 ansvaret for norske sjukehus. Denne sjukehusreforma har vorte kraftig kritisert. Stortinget har difor bestemt seg for å evaluere omlegginga. Arbeidet startar til hausten, og den endelege evalueringsrapporten blir klar i løpet av 2005.
- Dette er alt for seint, meiner Knut M. Olsen og Senterpartiet.
Vil ha svar i spørjetimen
Senterpartiet tek denne saka opp i spørjetimen. Forslaget frå Senterpartiet vil ikkje få fleirtal i Stortinget om det skulle kome opp som sak. Helseminister Dagfinn Høybråten har tidlegare sagt at det ikkje er aktuelt å endre evalueringstidspunktet. Framstegspartiet støttar Regjeringa i denne saka, fortel helsepolitisk talsmann i partiet, John Alvheim.