Liv Signe Navarsete Arkivfoto NRK
- Vi ser at lokalsjukehusa blir demonterte bit for bit. Det vart sagt at no skulle ansvaret for sjukehusa bli plassert. Vi ser at det er ikkje slik. Når folk går i fakkeltog i Eid og Lærdal, så er det ingen å vende seg til, for går vi til helseministeren, så peikar han på helseføretaka, og går vi til Stortinget, peikar dei der på helseministeren, seier Liv Signe Navarsete.
- Klart ansvar og meir pengar
Difor vil partiet igjen ha eit folkevald organ som kan stillast til ansvar for styringa av sjukehusa. Dei vil også at staten skal forplikte seg til å gje sjukehusa så mykje pengar at funksjonane ved lokalsjukehusa blir sikra.
Større underskot enn Forsvaret
Men i helga vart det klart at underskota i helseføretaka kan vere mykje større enn i Forsvaret. Og eitt av argumenta for å organisere sjukehusa i føretak, var at ein ikkje lenger skulle kunne skubbe store underskot framfor seg. For fylkespolitikarane var lite eigna til å ta dei upopulære avgjerdene, meinte dei som vedtok reforma.
- Kvar er styringa?
- No er det gitt fleire milliardar kroner ekstra til helseføretaka. Likevel går dei med dundrande underskot.Vi veit at det er gullkanta pensjonar og enorme styrehonorar i føretaka, og lønskostnadene har auka formidabelt. Kvar er styringa? spør Liv Signe Navarsete.
Ap var for reforma
Men Senterpartiet ynskjer regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet, som nettopp var partiet bak sjukehusreforma. - Nestleiar i Ap, Hill-Marta Solberg, har sagt at ho er samd med oss, og eg reknar med at saka er gjennomdrøfta i partiet, seier Navarsete.
Navarsete attvald
Liv Signe Navarsete frå Lærdal vart på årsmøtet attvald som andre nestleiar i Senterpartiet. Dette vervet har ho hatt sidan 2001.