Hopp til innhold

Sp: Regjeringa må garantere for beredskapen

Ni helikopter står i beredskap for å hindre spreiing av skogbrannar i Sør-Noreg, men budsjettet er brukt opp. No ber fleire parti om meir pengar til beredskapen.

Helikopter i slukkingsarbeid på Remøya

HELIKOPTERBEREDSKAP: DSB har kvar sommar eit helikopter ståande på Torp i beredskap. I tillegg kjøper inn ekstra kapasitet når det er naudsynt.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

– Dersom vêret held seg slik det er no vil budsjettet vere brukt opp om to dagar. Det seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Dei har ansvaret for å støtte dei lokale brannetatane med helikopter ved skog- og lyngbrann. For 2018 var budsjettet på 5 millionar kroner, men no er det tomt.

Så langt i år har det vore 546 skog- og lyngbrannar her i landet. Berre i mai har det vore 343 tilfelle av brannar då DSB tok ei oppteljing tysdag føremiddag.

– Vi har dialog med Justisdepartementet om tilleggsløyving, seier ho.

Det er dei siste vekene med lite nedbør og høge temperaturar som skaper stor fare for skogbrann over heile Sør-Noreg.

Skogbrann på Remøy i Herøy kommune

Måndag brann det på Remøy i Herøy kommune.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

Krev handling

Miljøpartiet dei grøne meiner at regjeringa må ta ansvar.

– Det er utruleg at der er eit årsbudsjett som berre rekk til utgangen av mai, seier stortingsrepresentant Per Espen Stoknes.

Per Epsen Stoknes, MDG

KLIMATRYGGLEIK: Miljøpartiet dei grøne meiner regjeringa må ta innover seg risikoen som kjem av klimaendringane. Dei vil be Stortinget om ei auke på 35 millionar kroner til helikopterberedskap.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

I MDG sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett ber dei Stortinget løyve 35 millionar kroner ekstra til helikopterberedskapen. Han forventar at regjeringa kjem med friske pengar som sikrar beredskapen gjennom sommaren.

– Regjeringa må ta innover seg at Noreg har høgare klimarisiko og må jobbe grundigare med klimatryggleik i framtida, seier han.

Også Senterpartiet vil gje meir til helikopterberedskapen. Stortingsrepresentant og justispolitisk talskvinne, Jenny Klinge, seier regjeringa må gje tryggleik for at det kjem nok pengar til å dekkje helikopterbruken.

– Eg forventar at regjeringa garanterer for at det ikkje skal stå på pengar, seier ho og legg til at det er viktig at dei raskt får på plass nok pengar slik at beredskapen ikkje blir svekka.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

KREV HANDLING: Jenny Klinge i Senterpartiet krev at regjeringa sikrar beredskapen med skogbrannhelikopter.

Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet

Ho seier Senterpartiet vil auke løyvingane til DSB med 10 millionar kroner i sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett. Halvparten av dette vil vere øyremerka til helikopterberedskap.

I forhandlingar

I Justisdepartementet ventar dei no på den politiske handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for tilleggsløyving til DSB.

Finanspolitisk talsmann og stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim, kan ikkje seie noko om kva løyvingane til DSB blir etter revidert nasjonalbudsjett.

– Vi sit no i forhandlingar med samarbeidspartia og eg kan ikkje seie noko om kva vi vil lande på, seier Asheim til NRK.

Revidert nasjonalbudsjett skal handsamast av Stortinget 15. juni.

Det er framleis svært stor brannfare over store delar av Sør-Noreg.

konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim.

I FORHANDLINGAR: Finanspolitisk talsmann og stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim, vil ikkje love auke i budsjettet til DSB. Dei sit no i forhandlingar med samarbeidspartia for revidert nasjonalbudsjett.

Foto: NRK