Ingunn Solheim er fødd i 1980 og kjem opphavleg frå Førde. Ho har arbeidd fire år som politisk journalist i NRK og har også erfaring frå mellom anna TV2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv.
– Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb skal bruke språket til. Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg, sa prisvinnaren under overrekkinga.
– Lett å forstå
Juryen, som er styret i Kringkastingsringen, framheva sunnfjordingen som ein god representant for nynorsk i fjernsynet.
Solheim har mellom anna vore nyhendeopplesar på Dagsrevyen og brukte også nynorsk då ho var tilsett i TV2 Nyhetskanalen og i Kanal 24.
– Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerkt seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuar. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK, skriv juryen og framhevar Solheim ein dyktig journalist med solid fagkompetanse.
Takka NRK
Kringkastingsprisen blir kvart år delt ut til ei røyst i eteren som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.
– Eg trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og blir gjort eit målretta arbeid for å fram språket. Der er vi som nynorskbrukarar privilegerte, sa Solheim.