Hopp til innhold

Sol og fine forhold i vinterferien

Neste veke er det vinterferie for nesten heile landet. Då er det kjekt at meteorologane kan melde om mykje sol dei neste ti dagane.

VINTERSTEMNING 30. DESEMBER 2009

MYKJE SNØ: Det har kome mykje snø så langt i 2018, og det er fint å gå på ski i sola i vinterferien.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det ligg an til ein vinterleg vertype framover. Temperaturane ligg så vidt over null. Elles er det kuldegrader som dominerer. Måndag og tysdag blir nok dei kaldaste dagane, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Buskerud, Oppland, Troms og delar av Hordaland har vinterferie frå 26. februar, men resten av landet kan ta seg fri frå veka som kjem. Det passar bra med meteorologen sine spådommar, for det er nemleg meldt strålande ver dei neste ti dagane.

På Vestlandet vil temperaturen veksle mellom kuldegrader og varmegrader heile vinterferien. Kjem du deg opp i fjellet er det likevel gode sjansar for å få litt kulde.

– Det vil vere vindtrekk frå nordaustleg retning, og kan drysse bitte litt snø natt til torsdag, men i veldig små mengder, seier Gislefoss.

Han fortel at det vil vere fint ver over store delar av landet, men særleg på kysten.

– Det vil vere gode periodar med sol gjennom heile veka også i indre strok, men med litt varierande skydekke, særleg frå tysdag til torsdag. Kysten ser derimot ut til å få mykje fint ver gjennom heile veka.

Vervarsel for Sogndal i vinterferien

FINE MELDINGAR: Det er meldt mykje fint ver framover. Dette er yr.no si vêrmeldinga for Sogndal dei neste ti dagane.

Foto: yr.no, skjermdump

Stabile snøforhold og låg snøskredfare

Det har kome ein del snø mange stader i veka som var, men no er det meldt ein lang periode med opplett over det meste av landet. Det tyder at snøen i fjellet kan stabilisere seg, og det er positivt for dei som vil gå utanfor løypene. På skredvarslingstenesta til varsom.no ser vi at det er meldt faregrad 2 dei fleste stader, medan Nord-Norge berre har faregrad 1.

Faregrad 1 tyder at snøen i fjellet er stabil, og det ikkje er noko særleg skredfare. Ved faregrad 2 blir det ikkje forventa naturleg utløyste skred, men lokale forhold kan variere.

Dette kjem etter ein periode der det har vore skredfare på nivå 3 og 4 over store delar av landet.