Hopp til innhold

I år klatra dei heilt til topps i gründerprisen

nLink frå Sogndal er kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane, og er 100.000 kroner rikare.

nLink kåra til vinnar av årets gründerpris

PALLEN: nLink vart nummer to i gründerkåringa i fjor. I år gjekk Håvard Halvorsen og kolleager heil til topps. Tibber tok andreplassen, medan Remb Technologies fekk publikumsprisen.

Foto: Truls Kleiven

Det vart klart under årets Temposeminar i Florø. I alt vart 21 kandidatar føreslått til årets gründerpris. Av desse hamna fem, som alle gjer det skarpt innan digitalisering og teknologi, i finalen .

nLink trekte det lengste strået.

– Alle finalistane er dyktige innan sin bransje, så det å kunne nå heilt til topps når konkurrentane held så høgt nivå, er ekstra stas, seier dagleg leiar Håvard Halvorsen.

Verdas første robot

Selskapet hamna på andreplass i den same kåringa i fjor, men trekte det lengste strået i år i skarp konkurranse med INTIN, Lefdal Mine Datacenter, Tibber og Remb Technologies.

Håvard Halvorsen om det å vinne prisen som årets Gründer.

SJÅ VIDEO: Håvard Halvorsen var sjølvsagt strålande nøgd etter kåringa. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

nLink har laga verdas første robot for boring i betongtak. Løysinga medverkar til effektivisering av arbeidsprosessar i ein tradisjonell bransje.

Prosjekta blir raskare ferdigstilt og arbeidarane slepp belastningsskadar.

I fjor fekk dei presentere seg for landsmøtet til Arbeidarpartiet i Oslo.

Tett finaleheat

Juryen framhevar at finaleheatet var tett og at finalistane har løysingar og teknologi innan dei seks moglegheitsområda ein ventar at Norge vil ha konkurransefortrinn dei kommande åra.

I grunngjevinga trekk juryen spesielt fram at nLink har vore dyktige på å utvikle produktet etter tilbakemeldingar frå marknaden og har justert kursen fleire gongar undervegs i utviklingsløpet ettersom forståinga av kundane sine behov har blitt større.

Dei har fått med seg strategiske samarbeidspartar og investorar på laget og riggar seg no for sal og vekst internasjonalt.

Tibber på andreplass

Kåringa er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket. Andreplassen, og ein sjekk på 60.000 kroner, gjekk til Tibber.

I grunngjevinga blei det lagt vekt på ein ekstremt lovande forretningsidé som har potensial til å forandre både ein heil industri og kvardagen til veldig mange.

Dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes var ikkje til stades under utdelinga, men Vegard Gillestad tok i mot prisen på vegner av selskapet.

Publikumspris til Florø

I kåringa vart det lagt vekt på både juryen si vurdering, og publikum sine røyster.

Remb Technologies stakk av med årets publikumspris på 40.000 kroner.

– I år var det eit spesielt tett finaleheat, men RembTech har tydelegvis fascinert publikum og sanka flest røyster i avstemminga, fortel Trond Teigene i juryen.