Hopp til innhold

Høgskulestyret lytta til Sogndals-opprøret

SOGNDAL (NRK): Trond Ueland og høgskulestyret høyrde på protestropa frå Sogn og krev at det ikkje hopar seg opp med sjefar i Bergen i ein ny Vestlandshøgskule.

Trond Ueland

STØRRE MUSKLAR I SLUTTKAMPEN: Styreleiar Trond Ueland og resten av høgskulestyret i Sogn og Fjordane kvesser krava før sluttforhandlingane om ein ny Vestlandshøgskule.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I verste fall kan leiarane bli sitjande i Bergen. Det ønskjer me ikkje. Så med dette vedtaket sikrar me oss at me har den leiarskapen me treng i fylket vårt og ved Høgskulen Stord/Haugesund.

Styreleiar Trond Ueland var letta etter at høgskulestyret i dag stod samla om eit vedtak som gir Sogn og Fjordane-interessene større tyngd i sluttspurten på forhandlingane om ein storfusjon med høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane

HØGSKULESTYRET: Frå venstre: Jan Olav Freland, Kari Kjenndalen, Wenche Fjørtoft (personaldirektør), Rasmus Stokke (rektor), Trond Ueland (styreleiar), Inger Auestad, Magnus Nordrum Brøste, Trine Ludvigsen Rygg og Åse Neraas. Hans Johan Breidablik, Oddmund Hoel og Ole Kleiven er ikkje med på biletet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Frå høgskulemiljøet i Sogndal har protestropa mot avtaleutkastet for fusjonen vore høglytte. I Sogn har dei vore redde for at høgskulen skal mista innverknad, fordi plattforma ikkje avklarar kvar mesteparten av sjefane skal sitja.

– Styret lytta til desse innspela, seier Ueland.

Fekk gjennomlag for eiga avdeling

Hovuddelen av ein eventuell Vestlandshøgskule vil vera dei tre yrkesutdanningane for lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Men ved høgskulecampusen i Sogndal er det i tillegg mange fag som ikkje sorterer under desse tre, som geologi, fornybar energi, økonomi og administrasjon, historie og sosiologi.

Fleire markante fagpersonar frå desse miljøa gjekk før styremøtet ut og kravde at det skulle opprettast ei fjerde avdeling for desse faga i ein fusjonert høgskule, fordi dette er vil vera stragegisk avgjerande.

Oddmund Hoel

VILLE BRYTA UT AV FUSJONEN NO: Styremedlem Oddmund Hoel fremja forslag om å gå ut av fusjonsprosessen, men han fekk berre støtte av studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste (t.v.) og Trine Ludvigsen Rygg (nummer to frå venstre).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Også dette kravet fekk gjennomslag i styret, som vedtok å krevja ei utgreiing av ei slik fjerde avdeling.

– Dette er viktig for å ta vare på dei gamle distriktshøgskulefaga. Og dersom ein Vestlandshøgskule på sikt skulle bli eit universitet, kan desse meir universitets-liknande faga vera kloke å ha ved høgskulen, seier Ueland.

Strid om namnet

I forhandlingane mellom Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har det vore usemje om kva høgskulebornet skal heita. Bergens-miljøet har ivra for Høgskulen i Vest, Høgskulen Vest eller Høgskulen i Vest-Noreg.

Desse namneforslaga likte høgskulestyret i Sogn og Fjordane dårleg. Dei ville heller halda på det som har vore arbeidstittelen, nemleg Vestlandshøgskulen.

– Namnet er munnleg og kling rett og slett godt, seier Ueland.

Studentleiarar i Sogndal

FUSJONSSKEPTISKE: Studentparlamentleiar Ingrid Moe Albrigtsen (t.v.) og studentrepresentantane i styret Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg er redde for at Sogn og Fjordane skal mista makt og mynde i ein ny Vestlandshøgskule.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Gir oss krefter

25. mai skal forhandlingsdelegasjonane frå dei tre høgskulane møtast i Bergen for å bli samde om ein endeleg avtale, som dei tre høgskulestyra i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund skal ta endeleg stilling til 9. juni.

Ueland meiner vedtaket gir forhandlingsutvalet frå Sogn og Fjordane større musklar når dei skal kjempa for Sogn og Fjordane sine interesser.

– Det er bra at me har fått eit samla høgskulestyrevedtak. Det gir oss krefter.