NRK Meny
Normal

Sogndal gjekk rett i leiinga mot tabelljumboen

Når tabelljumbo Start vitjar Fosshaugane søndag har dei 26 kampar bak seg utan å vinne ein einaste éin. Utan at det betyr at Sogndal tek lett på kampen.

Eirik Bakke etter kampen

TRYKK: Sogndal-trenar Eirik Bakke tek ikkje lett på kampen mot tabelljumbo Start – sjølv om dei har 2.340 minuttar utan siger i Eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal trenar Eirik Bakke er budd på 90 minuttar med knallhardt arbeid mot sørlendingane.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det blir ein tøff og litt anna type kamp enn mot Tromsø. Dei var veldig defensive då dei kom, men Start spelar meir fotball og vil nok angripe meir, seier Bakke.

Noregsrekord?

Det er eit Start-lag som er på veg mot ein lite kjekk noregsrekord som vitjar Sogndal på søndag. Laget har ikkje jubla for siger på 2.340 eliteserieminutt. Blir det heller ikkje siger på søndag, tangerer dei Sandefjord si magre poengrekke frå 2007, skriv Aftenposten.

Kampen kan du høyre direkte på NRK P1 søndag klokka 18. Kommentator er Noralv Pedersen og Jon Navarsete.

Vestfold-laget gjekk 27 kampar på rad utan siger og rykka ned med 12 poeng.

– Eg trur at Start tenkjer som oss; at resultata vil komme med gode prestasjonar, seier Bakke.

Ventar tre poeng

– Vi har ikkje tapt på fire kampar, men har spelt mykje uavgjort. Held vi fram prestasjonane, så ventar eg meir trykk i spelet vårt offensivt, endå fleire sjansar og endå fleire mål, held Bakke fram og legg til at han er mest oppteken av kva Sogndal presterer.

– Gjer vi det som vi er gode på, så skal Start få merke det. Eg ventar stillingskrig, og at vi tek tre poeng, seier han.

Åtte år sidan sist

Espen Børufsen

VAR MED SIST: Espen Børufsen kom inn som innbytar då Start vann 3–0 på Fosshaugane i 2008. Han håpar på ny siger søndag ettermiddag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Av dagens mannskap sat både Rolf Daniel Vikstøl og Espen Børufsen på benken då sørlendingane sist tok full pott på Fosshaugane. Det skjedde i 2008. Sidan har laga møttest sju gonger i seriesamanheng utan siger til gjestande lag. Tre kampar har enda uavgjort.

Til no er det blitt fem poeng på dei 11 første seriekampane. Noko negativ noregsrekord vil dei ikkje ha.

– Vi er nøydde til å plukke poeng framover og må byrje med Sogndal. Så det er ein utruleg viktig kamp for oss. Målet er å ta alle poenga, seier Børufsen.

Går for siger

– Men vi er budd på ein tøff kamp. Sogndal har eit godt lag, dei er veldig duellsterke og jobbar knallhardt. Vi må møte Sogndal med same duellkraft, legg 28-åringen til.

Sjølv om resultata har uteblitt, meiner han Start i dei siste kampane har vist at dei har kvalitetane til å halde nivået i eliteserien. Sist leia dei 1–0 borte mot Aalesunds. Det enda i uavgjort.

– Det handlar om å få det ut i kamp. Det har vore betring dei siste kampane, så no handlar det om å bikke kampane i vår favør. Vi håpar det startar på Fosshaugane, avsluttar Børufsen.

SOGNDAL: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Jukka Raitala - Lars Christian Kjemhus, Eirik Birkelund, Babacar Sarr, Gilbert Koomson - Mahatma Otoo, Ole Amund Sveen

BENKEN: Kristian Rutlin, Bjørn Inge Utvik, Magnus Pedersen, Rune Bolseth, Martin Ramsland, Kristian Fardal Opseth, Fredrik Flo

Laster innhold, vennligst vent..
Vegopning på Bergum i Førde kommune