I Sogndal står målet tomt etter at Kenneth Udjus pakka målvakthanskane og sette kursen for ny bustad i Oslo og spel for Lillestrøm.
Lenge før cupfinalen hadde Sogndal sett føre seg 22 år gamle Ørjan Nyland som Udjus sin erstattar.
– Eg skal ikkje leggje skjul på at Ørjan er ein av dei vi siktar mot, og det var i forkant av cupfinalen, seier Sogndal sin keepertrenar, Terje Skjeldestad.
– Vonar vi når fram
Men superspelet i cupfinalen mot Tromsø, der feberredningane kom raskare enn pengane inn på skipsindustrikontoane i Ulsteinvik, gjorde ukjende Nyland til ein rikskjendis. Kanskje vert det andre klubbar som slår kloa i stortalentet.
– Det vil tida vise, eg trur at i eit langsiktig sportsleg utviklingsperspektiv, så trur eg at vi har eit unikt konsept å tilby til Ørjan. Speletid og tryggleik for ein målvakt er ganske avgjerande, så vi vonar at vi når fram med det konseptet vi har skissert, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.
Må ta valet sjølv
Nyland sin rådgjevar, Lars Iver Moldskred, meiner derimot at nyopprykka Start i Kristiansand er staden å dra for Ørjan Nyland.
– Det er både fordelar og ulemper uansett kva ein går. I Start går han kanskje ei litt usikker tid i møte, dei er i eliteserien neste sesong, men det er inga sjølvfølge at det held fram. Det er det er eit val han må ta, seier Moldskred.
Molde er på bana
Også tippeligavinnar Molde ønskjer å signere Nyland, men dei har to gode målvakter frå før, og der kan han i verste fall risikere å hamne på benken.
Moldskred sitt viktigaste argument for at Nyland skal velgje Start fremfor Molde er speletid. I tillegg trekk han fram Start sin keepertrenar Erik Ruthford Pedersen.
– Dei har ein svært dyktig keepertrenar. Erik var tidlige ute og snakka om det å integrere målvaktene i spelett. I internasjonal fotball har det blitt meir og meir viktig, seier Moldskred.