Hopp til innhold

Sogndal vann 3-0 over Sandefjord

Sogndal-spelarane fekk letta litt på humøret etter 3-0 siger over Sandefjord i den siste treningskampen på La Manga.

Espen Olsen

SKÅRA: Espen Olsen sette ballen i mål to gonger under treningskampen mot Sandefjord på La Manga tysdag kveld.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter tre tap på rad, gjorde det godt for Sogndal-spelarane å slå Sandefjord 3-0 på La Manga tysdag kveld.

- Dette gjer godt for humøret. Det skal seiast at det ikkje har vore dårleg her nede, men dette var godt, seier Even Hovland som følgde kampen frå benken på grunn av overbelastning i ein fot.

Olsen og Flo fekk ballen i mål

Det var Espen Olsen som først fekk ballen i nettingen bak Sandefjordkeeperen. Etter 31 minutt sikra han Sogndal 1-0 leiing, og like etter pausen følgde Ulrik Flo opp med 2-0 målet.

Berre fem minutt før kampen var slutt er Espen Olsen igjen på hogget og sikrar sluttresultatet 3-0 til Sogndal.

- Litt tilfeldig

- Det er litt tilfeldig at vi vinn 3-0, men det er veldig godt å reise heim herifrå med ein siger til slutt, seier Hovland til NRK like etter kampslutt.

Han fortel at det var surt vêr og vind under kampen, og at begge laga fekk spele ein omgang med vinden i ryggen.

- Heile kampen bles nesten vekk. Men vi jobba betre enn vi har gjort dei andre kampane, og vi ligg litt meir kompakt enn før, seier Hovland.

- Vi må opp endå nokre hakk

Hovland som vert rekna som ein av nøkkelspelarane på Sogndal er likevel ikkje heilt trygg på at laget er i rute framfor seriestart 20. mars.

- Alle veit at vi må gjere ein innsats no framover dersom vi skal kjempe om poenga i serien. Vi må opp fleire hakk frå der vi er no, seier Hovland.

Til helga møter Sogndal Løv-Ham på bortebane. Dette vert den siste kampen til Sogndal før dei startar sesongen i eliteserien med bortekamp mot Strømsgodset den 20. mars.