NRK Meny
Normal

Sogndal vakna frå feriemodus

Sogndal sikra seg tre uhyre viktige poeng då dei søndag slo Sarpsborg 08 1-0 på heimebane.

Barry Kader mot Hugues Wembangomo

LIVLIG: Barry Kader mykje involvert i spelet dei første 45 minutta. Her i duell med gjestenes Hugues Wembangomo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Avgjerda fall ein halvtime før slutt då Mats Solheim kriga inn vinnarmålet frå kloss hald.

Sigeren er Sogndal sin første på åtte forsøk mot «Særp».

– Vi braut ein barriere med å slå Sarpsborg, men endå viktigare var tre poeng med tanke på det som skal skje utover hausten, seier trenar Harald Aabrekk.

I feriemodus

Den første halvdelen av kampen var eit einaste stort gjesp, men heimelaget vakna til liv mot pause.

Både matchvinnar Solheim, Cato Hansen og Ole Jørgen Halvorsen kunne, og burde, sendt heimelaget i føringa.

– Første del av omgangen følte eg vi framleis var i feriemodus, men så vart spelarane gradvis betre utover. Det er kloke spelarar som blir betre og betre, og i andre omgang tykte eg vi var gode, meiner Aabrekk.

– Rett og slett Mats

Men heimepublikumet måtte vente til det 61. minutt, då Espen Olsen fekk krangla med seg ballen inn i feltet før han fann Halvorsen med ein pasning. Innlegget vart svakt avklarert, før Solheim sklei ballen i nettmaskene.

– Det er ikkje utypisk Mats. Han har gode gener, det å dukke opp og ha timing inne i feltet, vere tilstades og vere først på. Det er Mats rett og slett, seier ein nøgd Aabrekk.

Strålande Flo

Sarpsborg kom seg til svært få sjansar i løpet av 90 minutt på Fosshaugane. Etter scoringa vart Olsen erstatta av Ulrik Flo. Den unge stryningen leverte ein solid søknad om meir speletid.

– No var det eit fantastisk godt innhopp av Ulrik, seier Aabrekk.

Skuffa Johansen

– Det er skuffande frå vår del. Det er ein dårleg fotballkamp frå begge lag og litt symptomatisk at Sogndal scorer på litt klabb og babb inni der. Ein nesten utan sjansar. Det var ein dårleg fotballkamp, seier Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen.

Den gjestande trenaren var mest skuffa over prestasjonane til eigne spelarar og trekkjer fram dårleg ballbehandling, touch og pasningar.

Slit utan Hoås

– Det byrja å gå seint, og vi slutta å bevege på oss. Vi vart statiske, og då blir vi lett å stogge, seier han.

– Hoås har vore ute med skade lenge no. Kva betydning har det for Sarpsborg 08?

– Øyvind er ein som kan binde opp nesten eit heilt forsvar åleine. Han er ein konstant trussel. Vi som er liten klubb og liten stall, treng alle våre spelarar tilgjengelege. No har vi Berat Jusufi, Tom Erik Breive og Hoås ute med skade. Det er tre spelarar som vanlegvis spelar, seier han.

– Tapte berre tre poeng

Med tre nye poeng har Sogndal framleis heng med laga framfor seg på tabellen. Dei la også Start bak seg, med 15 poeng.

Sarpsborg på si side har poenget meir, men har utan Hoås nærma seg faretruande nedrykksstreken. Hoås var mannen som på eigahand senka Sogndal då laga møttes i vår.

– Vi er nyopprykka og har ikkje vore på dette nivå på 42 år. Å tru at vi skulle cruise inn dette, var det ingen som trudde. Men vi tapte ikkje meir enn tre poeng i dag heller. No er det 14 kampar att, og i morgon byrjar vi førebuinga på den kampen, avsluttar Johansen.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy