Hopp til innhold

Solheim skremde «spøkjelset»

Det skulle åtte seriekampar til før Sogndal endeleg slo Sarpsborg 08.

Mats Solheim

ROTA INN: Mats Solheim sklir inn 1-0 og sikrar Sogndal tre viktige poeng. - No skal vi klare dette her, seier han og siktar til kampen om fornya eliteseriestatus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen som endeleg fekk jaga vekk «Sarpsborg 08-spøkjelset» var Mats Solheim, då han kriga inn kampens einaste mål.

Isak Scheel jublar med Mats Solheim etter kampen.

TAKK: Isak Scheel kastar seg rundt halsen på Mats Solheim etter kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det var deilig å endeleg slå Sarpsborg. Vi har aldri slått dei før, men det var også veldig viktig å vinne første kamp etter ferien. Det er viktig å få heng. Hadde vi tapt i dag, så ville det vere veldig langt opp, jublar 23-åringen.

Tredje scoring i år

Stryningen hadde også før pause ein gedigen sjanse då han stanga ein corner frå Ørjan Hopen like over aluminiumen.

– Du tenker på det der og då at den burde du ha sett, men heldigvis fekk eg mål i andre omgang. Då tenkjer eg ikkje meir på det, seier Solheim som sette inn si tredje eliteseriescoring for sesongen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mats Solheim

THUMBS UP: Bestemor Idun Solheim gir Mats Solheim tommelen opp for innsatsen mot Sarpsborg 08.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– No blir det kake

Etter kampen sprang stryningen rett bort til kompisane Stein Inge Aabrekk, Kristian Brynestad, pappa Kjell Solheim og bestemor Idun Solheim frå Loen som følgde kampen frå tribuna. Det vanka både klemar og gode ord.

AABREKK: - Det er typisk Mats

– Spesielt bestemor var veldig nøgd med at eg scora. No blir det kake neste gong eg kjem heim til bestemor i Loen, gliser han.

– Berre rota det inn

Den unge stryningen har scora penare mål, men kanskje ikkje like viktige mål.

– Eg såg ballen låg der og berre kasta meg fram. Slik eg scora veldig mange mål i Stryn. Berre rota det inn. Det var veldig deilig å sjå den gå inn, seier han og har vanskar med å skildre kjensla av å sjå ballen gå i nettmaskene

– Det blir berre heilt tomt, så blir du jævla glad. Deilig at det vart avgjerande i dag, smiler han.

Endeleg for Halvorsen

Nettkjenninga med ein halvtime att å spele kan bety skilnaden mellom fornya eliteseriekontrakt og nedrykk, trur lagkamerat Ole Jørgen Halvorsen.

– Det vil eg tru. Hadde vi tapt, så hadde nok oddsen for å overleve gått dramatisk opp, meiner han. Etter sitt femte forsøk mot gamle lagkameratar, kunne han endleg strekkje henden i veret og juble over full pott.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Jørgen Halvorsen

NESTEN: Ole Jørgen Halvorsen utan nettkjenning mot gamle lagkameratar i Sarpsborg 08.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ufatteleg viktig

– Det smaker ufatteleg godt. Det er sinnsjukt deilig. Og ikkje minst ufatteleg viktig, seier spelaren som sjølv brende fleire sjansar i løpet av kampen.

– Eg tenkte på gamle lagkameratar i avslutninga. Hehe... Nei, det var nok dårlege avslutningar og ei god redning av keeper, seier han og vedgår at det øydela eit perfekte møte med gamleklubben.

– No får vi i første omgang kose oss med sigeren, men det hadde gjort seg med eit mål mot gamle lagkameratar.