Hopp til innhold

Sogndal trygt vidare til andre runde i cupen, men Fjøra vann tribunekampen

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Forskjellen på eliteserien og tredjedivisjon vart tydeleg då Sogndal enkelt slo Fjøra 6–1, men på tribunen var Fjøra i ein klasse for seg.

Fjøra tok i mot Sogndal på Fosshaugane. Bortekamp på hjemmebane, altså. Og Sogndal gikk greit videre fra cupens 1. runde

Sjå alle måla frå kampen her.

Korleis alle måla var scora kan du lesa nedst i saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Fjøra-fans. Fjøra-Sogndal, cupen 2017

BEST PÅ TRIBUNEN: Fjøra-spelarane vart eit nummer for små for eliteserielaget på bana, men desse ivrige supporterane vann kampen på tribunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var veldig kjekt. Sjølv om Sogndal er laget i bygda, så kunne ein høyre godt kva lag dei mest ivrige på tribunen heia på, seier Fjøra-trenar Håvard Hetle etter kampen.

Før kampen var Fjøra-spelarane optimistiske og håpa på siger, men då Sogndal gjekk i føringa alt etter fem minutt gav det teikn om korleis det skulle gå. Dryge 300 tilskodarar tok turen på stadion, og av dei var det Fjøra-fansen som gav mest lyd frå seg undervegs i kampen.

«Etterlengta bortesiger»

Sogndal har vore inne i ein tøff periode i serien, og står berre med fire poeng på dei fem første kampane. Det har blitt tre strake tap på bortebane, men mot Fjøra i cupen stod Sogndal oppført som bortelag, trass i at laga deler heimebane.

Eirik Bakke på benken under Fjøra-Sogndal

STERKT MANNSKAP: Sogndal-trenar Eirik Bakke sa før kampen at det er flaut for eliteserielag å ryka ut i første runde i cupen, og tok ingen sjansar med laguttaket. Fleire av dei som ville starta ein seriekamp var med frå start.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Artig å endeleg vinna på bortebane, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke med eit stort glis etter kampen, før han vert meir alvorleg.

– Det var viktig med ei tidleg scoring, og det skal vera forskjell på eliteserien og tredjedivisjon, så det skulle berre mangla at vi vann denne kampen, seier han.

Også Fjøra-trenaren vedgår at det var klasseforskjell på laga.

– Vi hadde mål om å halda nullen mykje lengre enn det vi gjorde, men då dei scora så tidleg vart det ei formidabel oppgåve, seier Hetle.

Flo-scoring – for Fjøra

Lars Christian Kjemhus

GLIS: Lars Christian Kjemhus kunne smile breiddt etter kampen, for to scoringar og ein målgjevande.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Som vanleg i første runde i cupen er det lokaloppgjer over heile landet, men ekstra lokalt vart det i Sogndal. Åtte av dei elleve som starta for Fjøra har anten spelt for Sogndal tidlegare, eller er lånt ut frå Sogndal til Fjøra. Ein av desse var Mathias Flo, som scora Fjøra sitt einaste mål.

– Det er alltid kjekt å scora mot god motstand, seier Flo om scoringa si.

Kvarteret ut i andre omgang kontra Fjøra, på stillinga 3–0 til Sogndal. Bakary Traore fann Kenneth Skjerven i feltet. Han vippa ballen fint inn på bakre stolpe til Flo, sneik seg inn framfor Bjørn Inge Utvik og heada inn reduseringa.

Mathias Flo

NØGD: Fjøra-målscorar Mathias Flo var nøgd med å scoringa si etter kampen, og hyller støtta dei fekk frå russen som hadde møtte opp for å støtte dei.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Det var eit godt innlegg og den var nesten ferdigscora, seier Flo.

– Eg visste at han var bak meg, men innlegget vart lengre enn eg trudde og eg måtta rygga, seier Bjørn Inge Utvik om scoringssituasjonen.

I duellen fekk Utvik seg ein smell i venstre skulder, og etter kampen hadde han store smerter. Likevel er han optimistisk på å nå søndagens heimekamp mot Lillestrøm.

Fjøra feirer scoring mot Sogndal i cupen

JUBEL: Fjøra-spelarane jublar for reduseringa til 1-3, levert av Mathias Flo. Men på i femmeteren til Sogndal ligg Bjørn Inge Utvik med store smerter i skuldra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK
  • 0–1: «Chidi» Nwakali sende Sogndal rett i leiinga med eit praktskot frå 20 meter etter berre fem minutt spel.
  • 0–2: Etter ein halvtimes spel på Fosshaugane dobla Gilbert Koomson leiinga for Sogndal med eit velplassert skot i hjørnet frå rett utanfor 16-meteren.
  • 0–3: Like før pause fann eit perfekt slått innlegg frå Lars Christian Kjemhus Bendik Bye på bakre stolpe, der han enkelt trilla ballen i mål.
    Måtte plukke seks ballar ut av målet

    SEKS MÅL: Fjøra-keeperen måtte plukke til slutt plukke seks ballar ut av eige nett.

    Foto: Aleksander Båtnes / NRK
  • 1–3: Mathias Flo reduserte for Fjøra tidleg i andre omgang. Heimelaget kontra og Bakary Traore fann Kenneth Skjerven i feltet. Han vippa ballen fint inn på bakre stolpe til Flo, som vann duellen mot Bjørn Inge Utvik og heada inn reduseringa til 1–3.
  • 1–4: Sogndal trygga leiinga med innbytar Simen Brekkhus, som fekk eit innlegg langs bakken frå Eirik Birkelund. 4–1 til Sogndal.
  • 1–5: Og det var knapt tatt avspark før Sogndal gjekk rett i angrep igjen. Denne gangen var Lars Christian Kjemhus sist på ballen
  • 1–6: Nok ein gang eit langskot, og Kjemhus var tomålsscorar med eit velplassert skot frå 16-meter.

Sist laga møttest i cupen var i år 2000, og den gong vann Sogndal 1–0. Laga møttest også i 1986, 1990 og 1992. Det har enda med siger til Sogndal kvar gong. Sogndal på si side har ikkje gått på ein smell i første runde i cupen sidan 3–0-tapet for Florø i 2012.

Fjøra stilte med åtte spelarar i startoppstillinga som anten var lånt ut frå Sogndal eller har spelt for storebroren tidlegare.