Hopp til innhold

Sogndal tok eitt poeng borte - og klatra over streken på tabellen

Sogndal ligg no på 13. plass etter bortekampen mot Hønefoss søndag. Eitt poeng var nok til å passere eitt lag på tabellen.

Luftduell Sogndal mot Hønefoss

0-0: Sogndal tok eitt poeng på AKA arena søndag kveld. Dermed er dei på ein 13.plass på tabellen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Første omgang starta med to ivrige lag på AKA arena. Bortelaget Sogndal var ivrige i starten, men det var heimelaget Hønefoss som etterkvart i første omgang tok over.

Dei hadde fleire gode sjansar utover førsteomgangen, men spelet i sogndalsleiren tok seg opp mot slutten av omgangen.

Hønefoss med flest sjansar

Hønefoss hadde to gode sjansar for utlikning eit kvarter ut i kampen:

Først var det Kevin Larsen for heimelaget som fossa opp på venstrekanten av bana og fekk slått inn ballen.

Men Hannu Jarl Johannes Patronen toucha ballen slik at Kevin Bosse Elie Beugre ikkje fekk sett ballen i mål.

Etter den sjansen prøvde Helge Haugen seg frå 17-18 meter, men det stolpen stod i vegen for skotet.

Tilbake til start ved pause

Ingen fekk nettkjenning, og laga gjekk til pause med like mange poeng som dei starta med.

Starten av andreomgangen var rolig, med få sjansar. Malick Mane på Sogndal måtte hjelpast ut av bana av støtteapparatet etter berre nokre minutts spel i andreomgang.

Men han kom fort på bana att etter å ha rista laus på den eine skuldra på sidelinja.

Godt spel av Mane

Deretter var Mane ein av dei viktigaste spelarane for Sogndal. Han skapte fleire gode sjansar og klarte nesten å gje laget dei tre poenga dei sårt hadde trengt i det 62. minuttet av kampen:

Mane slo eit godt innlegg inn i boksen, Richardo Santos var på plass, men sette ballen til side for mål frå kloss hald.

Det var den største målsjansen til bortelaget i kampen.

Kjempesjansen for Sogndal

Sogndal hadde god kontroll på heimelaget utover i andreomgang, og fekk ein ny målsjanse då Ruben Holsæter kom med eit godt skot. Heimekeeper Steve Clark fekk såvidt slått ballen til corner.

Nokre minutt seinare var det snudd, då Mikkel Vendelbo på heimelaget plutseleg stod ganske så aleine i boksen. Men Sogndalkeeper Udjus redda.

Deretter vart det ikkje dei store sjansane på AKA arena, og kampen ebba ut i 0-0.

Trengte poenga

Før kampen låg Hønefoss på 9. plass på tabellen, medan gjestene fra Sogndal låg på 14. plass.

Siger for Sogndal ville fått dei vekk frå kvalifseringsplassen, i alle høve fram til måndag når FFK møter Vålerenga.

Hønefoss har hatt to uavgjort og tre tap på sine fem siste kampar, og søndag vart ikkje betre for heimelaget.

Det vart gule kort til begge lag ved Ruben Digernes Holsæter, Sogndal, og Toni Kolehmainen på Hønefoss.