Hopp til innhold

Bolseth får ikkje eitt siste møte med gamle- og nyeklubben

Sandensaren Rune Bolseth (32) får ikkje eit siste møte med både gamle- og nyeklubben Sogndal søndag.

Det vart lite duellar mellom kompisane Rune Bolseth og Henrik Furebotn.

EITT MØTE: Som Hønefoss-spelar har Rune Bolseth berre fått eitt møte med gamle, og nyeklubben, Sogndal.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det blir ein mildt sagt spesiell kamp for sandensaren Rune Bolseth på søndag. 32-åringen som i dag står å lønningslista til Hønefoss, har ti år bak seg i saftbygda.

Og blir neste år å finne som midtbanespelar på nettopp Sogndal . Men eit siste møte med gamle, og nyeklubben, får han ikkje.

– Eg er nett meniskoperert, og blir vel på sidelinja i tre-fire veker, seier han.

– Blir nervepirrande

Som Hønefoss-spelar har sandensaren fått eitt møte med Sogndal . Oppgjeret på Fosshaugane i vår enda mållaust med 0–0.

For medan ein skadd Bolseth såg gamleklubben sin rykkje opp frå 1. divisjon i 2010, tok Hønefoss steget motsett veg. I år er dei tilbake i det gode selskap og i same divisjon som Sogndal . Og søndag møtes dei igjen.

– Det blir spesielt nervepirrande når du er knytt til begge laga, men det er klart at det hadde vore mykje meir spesielt om eg hadde vore på bana, seier han.

Held med Hønefoss

– Kven kjem du til å halde med inst inne?

– Det blir Hønefoss, sjølvsagt. Det er det laget og spelargruppa eg høyrer til. Vi må ta så mange poeng vi kan og komme så høgt som mogleg. Men eg håpar sjølvsagt veldig, veldig at Sogndal spelar i Eliteserien neste år også, seier han.

Både Hønefoss og Sogndal overraska stort i innleiinga, men medan oppturen heldt fram for Hønefoss, har Sogndal falle sakte men sikkert inn i nedrykksstriden.

Må ha fleire poeng

Etter seks kampar utan siger, merkar også Bolseth og lagkameratane i Hønefoss at dei treng meir poeng. Avstanden til Sandnes Ulf på nedrykksplass er ni poeng, medan Sogndal på kvalifiseringsplass har sju poeng mindre enn Hønefoss sine 30 poeng.

Hønefoss sitt poengbehov kan fort gå utover Sogndal.

– Det ser trygt ut førebels, men vi treng nokre poeng til før vi kan kjenne oss trygge. Etter fem-seks kampar utan siger, så treng gruppa ein siger, seier Bolseth.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi plar styre

På eige gras har Hønefoss teke 17 av 33 moglege poeng. Berre to av 11 kampar har enda i tap.

Sogndal på si side har kapra ti av sine 23 poeng på bortebane.

– Normalt sett plar vi ha ballen og spelar mot etablert forsvar. Motstandarane plar ligge litt bak og køyrer kontringar, og det vil ikkje overraske meg veldig om det blir ein slik kamp denne gangen også. Men mykje kan endre seg om det kjem eit mål den eine eller andre vegen, seier Bolseth.

Tippar 2–1 til Hønefoss

Bolseth vedgår at eit Sogndal-lag i desperat poengnaud, også kan overraske.

– Det kan sjølvsagt vere at Sogndal går ut meir aggressivt enn dei andre vi har møtt her. Eg reknar med at også dei går på bana for å ta tre poeng, og det kan føre til ein open og artig kamp som kan bikke begge vegar, held 32-åringen fram.

– Dersom du skal tippe eit resultat?

– No vart eg spurt av heimesida til Hønefoss, og då tippa eg 2–1. Det kom litt utan å tenkje meg om.

– Dersom du får tenkje deg om då?

– Eg hadde nok enda på noko liknande. Det er ein ganske open kamp tykkjer eg, seier Bolseth.

Gler seg til retur

– Vi har stanga litt i det siste og Sogndal har slite lenge, men fekk ein siger sist. Vi er vanskeleg å slå her, så eg trur Sogndal får det tøft, seier sandensaren.

– Er du glad for at det er siste kamp du står på motsett banehalvdel i høve til Sogndal?

– Ja det er eg glad for. Eg gler meg veldig til å komme tilbake. Etter å ha budd der i ti år og har treivst veldig godt der så gler eg meg til å komme tilbake. Mange gode venner og nærare familien på Sandane, seier han.

Olsson har trua

I Sogndal har trenar Jonas Olsson trua på at disiplane hans kan returnere til saftbygda med poeng i bagasjen.

Jonas Olsson

NØGD: Jonas Olsson trur på poeng mot Hønefoss.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sist helg såg han spelarane ta sin første trepoengar sidan 15. juli. På dei ti siste kampane har Sogndal teke ni av 30 moglege poeng.

Mot Hønefoss må Olsson klare seg utan ein suspendert Ørjan Hopen.

– Eg er nøgd med at vi skapar målsjansar og heldt nullen mot Tromsø. Vi har levert stabilt i dei siste kampane. Gjorde ein god kamp heime mot Godset og vann sist mot Tromsø. Eg trur det er sjansar for poeng mot Hønefoss, seier Olsson til klubben sine nettsider.