Hopp til innhold

Trenar Jonas Olsson: - Kvar kamp blir den viktigaste i vårt liv

Sigeren over Tromsø i går tende håpet om at Sogndal likevel skal klare seg i eliteserien. Trenar Jonas Olsson seier laget skal gi alt.

Jonas Olsson

SKAL GI ALT: Jonas Olsson seier kvar kamp framover skal spelast som om den var den viktigaste i spelarane og laget sitt liv.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har sagt at kvar kamp vi spelar no skal vere den viktigaste i vårt liv, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson til NRK.no etter gårsdagens siger.

Dei tre poenga Sogndal fekk med seg i går kan vise seg å bli svært viktige i kampen om å unngå nedrykk. Det var Tromsø som dominerte, men likevel stakk laget frå saftbygda av med poenga.

At det no blir mange viktige kampar framover er Olsson fullstendig klar over. Det blir mange kampar der laget må vise at dei spelar den viktigaste i deira liv.

– Vi har nokre slike kampar igjen, så får vi sjå kor vi hamnar, seier Olsson til NRK.no.

Etter tapet mot Fredrikstad sist helg var Olsson likevel trygg på at laget skal klare å halde på plassen i eliteserien. Med siger og tre poeng mot eit lag som kjempar heilt i toppen av tabellen er Olsson hakket tryggare.

– Etter tapet mot Fredrikstad var du 95 prosent sikker på at Sogndal skal klare seg, kor sikker er du no?

– Det var eit siffer eg slengde ut av meg rett etter kampen, men eg står for det. Eg trur vi har ein veldig god moglegheit til å spele tippeligafotball også neste sesong, seier Olsson til NRK.no.

Etter kampen i går ligg Sogndal no på kvalifiseringsplass i eliteserien.