Hopp til innhold

Sogndal tapte generalprøven

Sogndal tapte laurdagens generalprøve til Eliteserien. Ein keepertabbe gav Hødd 1–0 i førsteomgang, og fleire mål vart det ikkje.

Hannu hentar ballen i Sogndal-nettet etter Hødd sitt leiarmål 22.03.14.

DÅRLEG GENERALPRØVE: Målskårar Espen Standal får behandling, Hannu Patronen hentar ballen.

Foto: Christian Blom / NRK

– Det er litt irriterande at den gode statistikken vår i treningskampane ikkje held heilt inn. Vi var dårlege i første treningskamp mot Førde og i førsteomgang mot Hødd i dag. Elles har vi vore gode, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson etter det 90 minutt lange antiklimakset i Sognahallen laurdag føremiddag.

Etter 24. minuttar glapp ein enkel ball ut av fanget til keeper Erik Dahlin. Espen Standal var vaken på den høgst uventa returen og nikka den i mål.

Sogndal fekk ikkje grep på kampen før i 2. omgang, men trass i stor dominans fekk heimelaget ikkje utteljing. Etter kvart som mange byter øydela rytmen i kampen var det faktisk Hødd som var nærast heilt mot slutten. Det førte likevel ikkje til anna enn at Sogndal-keeper Dahlin fekk oppreising etter den avgjerande tabben i 1. omgang.