Hopp til innhold

Sogndal tapte mot sterke Brann

To mål mot slutten av kampen sørga for at Sogndal måtte sjå seg slått av Brann i Bergen.

Sogndal - Brann, Vegard Gjermundstad

UAVGJORT TIL PAUSE: Vegard Gjermundstad og Sogndal kjempar med nebb og klør mot Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

Over 11.000 tilskodarar fekk sjå at Sogndal tapte 2-0 mot Brann i Bergen

Brann hadde det meste av spelet, og har i tillegg hatt eit par andre store sjansar til å score. Sogndals Isak Scheel har vore nærmast for Sogndal, men skotet frå 20 meter vart for svakt plassert.

Eirik Bakke starta kampen, men måtte med ut med skade nokre minutt før pause. Espen Olsen erstatta kapteinen på spissplassen.

Her er heile startoppstillinga:

Kenneth Udjus, Mats Goberg Solheim, Vegard Heggenes Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Barry Kader, Isak Scheel, Ahyee Aye Elvis, Eirik Bakke, Ole Jørgen Halvorsen ,Cato Hansen.

  • NRK Sogn og Fjordane er på kampen, og gir deg oppdateringar undervegs, artiklar og bilete etter kampslutt.

NRK overfører dessutan storkampen direkte på P1 i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kampstart er klokka 19.00.

Du kan høyre overføringa frå kampen på din eigen radio, eller direkte i nettlesaren din.

DU KAN OGSÅ FØLGJE OPPGJERET LIVE I TEKST

Det er første gongen sidan 2004 at dei to rivalane møtest i seriekamp. Den sesongen vann Sogndal 3-1 på Fosshaugane, før Brann slo tilbake med 2-1 i Bergen.

LES OGSÅ:

Sist Sogndal vann vestlandsderbyet i Bergen, var i 2002 - då sogningane slo Brann med 3-2 etter scoringar av Tommy Øren, Dag Christian Sørum og Rune Buer Johansen.