Hopp til innhold

– Det er som med kolonnekøyring. Heng ikkje alle med, så sprekk det...

Sogndal imponerte mange i sesongoppkøyringa, men fekk det tungt då alvoret starta borte mot nyopprykka Stabæk. Etter 90 spelte minutt stod det 3-0 til heimelaget.

Ruben Holsæter og Nicolai Næss

TAP: Ruben Holsæter (t.v.) og Sogndal fekk ein tung start på årets sesong med tap borte mot Stabæk.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Eit Sogndal-lag med fem debutantar fekk ein tung start på sesongen på Nadderud. Heimelaget tok kommando og allereie etter 13 minuttar sette Craig Henderson ballen bak eliteseridebutant Mathias Dyngeland i Sogndal-buret.

Derifrå og inn var det stort sett Stabæk det handla om i Bærum.

– Stabæk var gode, og det henger saman med at vi var mindre gode. Vi fekk oss ein i fleisen, vedgår Ulrik Flo.

Saknet av Mane

Sogndal som har imponert i treningskampane med sterke sigrar over Brann, Aalesund og Start trengde halvtimen før dei fekk løfta spelet og for alvor viste musklar i seriepremieren.

Dei heilt store sjansane vart det likevel ikkje noko av og laga gjekk til pause etter berre det eine målet.

– Er det saknet av Malick Mane vi ser?

– Det er kanskje litt tidleg å seie, men det er alltid greitt å ha ein som Mane, som er flink å halde på ballen skapar litt på eigahand. No må vi bruke dei andre kvalitetane vi har. Meg og andre som har vore med ei tid må stå fram, og det veit vi. Vi må skjerpe oss til neste kamp.

– For seine i alt

– Vi mangla trøkk, vart litt nølande og var ikkje på hugget. Vi kom litt på etterskot i det meste vi gjorde, men eg føler det ikkje er mykje som skulle vore justert før vi hadde fått kampen inn i vårt spor. Når ein blir den vesle halvmeteren for seine her og der, så blir det andre vegen, legg Flo til.

Jonas Olsson sine disiplar vakna etter kvilen og Petter Strand avslutta like utanfor før heimpublikumet ropte på straffe før klokka bikka timen.

Då hadde også dagens sjette Sogndal-debutant, og dei kvitkledde sin femte eliteseriedebutant for dagen, Kristian Fardal Opseth, entra banen.

Annulert scoring

Laster innhold, vennligst vent..
Jonas Olsson

SKUFFA: Jonas Olsson må konstatere at nyopprykka Stabæk vart for gode i serieopninga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vertane var, også det før timen var spelt, nær ved å doble leiinga etter ein kort og intensiv kanonade som enda i ein resultatlaus Stabæk-corner.

I det 63. minutt seinka stilla seg over heile Nadderud då Ulrik Flo sette inn det alle trudde var utlikninga. Stryningen var først på ein retur etter ei avslutning frå Azar Karadas, men assistentdommaren vinka for offside.

– Hadde vi fått 1-1 der, så hadde det blitt ein annan kamp. Då var vi inne i ein periode med gode tendensar, seier trenar Jonas Olsson.

Fekk to sjansar - sette den siste

Slik gjekk det altså ikkje. Med 12 minuttar att fekk Stabæk derimot to moglegheiter til å doble leiinga. Først breisida Anders Trondsen ballen via ein Sogndal-stoppar og utanfor det opne målet.

Den påfølgjande corneren sendte Nicolai Næss i nettmaskene.

– Corner-scoringa øydela kampen for vår del. Då kjendes det ut som om vi hadde noko på gang, seier Olsson.

Stang inn

Fem minuttar før slutt sette innbyttar Fredrik Brustad ballen forbi ein utrusande Dyngeland og via stanga til 3-0 for Stabæk.

Stang inn kan ein ikkje seie det vart for Sogndal, som sleit med å sette dei få sjansane dei fekk - og som fekk lite til på grasmatta på Nadderud. Sjølv om dei var betre etter kvilen.

– Grasbana sugde oss for kreftene. Vi sprang oss tome første 20-25 minuttane utan å få til noko. Det er som kolonnekøyring over fjellet, henger ikkje alle med så sprekk det, seier Olsson.

– Eg er skuffa over at vi ikkje scorar, men alle prøver og alle vil. For mange vart dette første Tippeligakamp, men vi er ikkje nøgde med å tape 0-3, avsluttar han.