NRK Meny
Normal

No er han Bodø/Glimt-spelar ut 2019-sesongen

Kristian Fardal Opseth har sikra seg permanent overgang til Bodø/Glimt.

Bodø/Glimt er enig med Sogndal om en overgang for Kristian Fardal Opseth. Han har signert ut sesonge

EFFEKTIV: Med 0,77 mål per kamp for Bodø/Glimt er Kristian Fardal Opseth (t.h.) den mest effektive spissen i 1. divisjon. Her ynskjer dagleg leiar Frode Thomassen han velkommen som permanent Glimt-spelar.

I går kveld vart det klart at Bodø/Glimt og Sogndal vart samde om ein overgang for den mest effektive spissen i 1. divisjon.

27-årige Kristian Fardal Opseth har signert ut sesongen 2019 for cupmeistrane frå 1993.

– Eg trivast godt her, og føler at dette er det rette steget for meg. Eg har lukkast bra i Glimt til no og det hadde vore kjedeleg å gi seg halvveges, seier han til klubben sine nettsider.

Trur på Opseth

Fardal Opseth stangar Sogndal i leiinga

KNUSTE BRANN: Kristian Fardal Opseth scora tre av sine mål i Sogndal-trøya mot Brann på Brann Stadion.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med ti fulltreffarar på 13 kampar har sogningen skote Åsmund Bjørkan sine disiplar til ein soleklar tabelltopp. Bodø/Glimt leiar serien med seks poeng og ser ut til å ta ein snarleg retur til Eliteserien.

I utgangspunktet var Opseth på lån ut vårsesongen. Bjørkan er skråsikker på at den høgreiste sogningen vil levere fleire mål.

– Vi håpar og trur at Kristian kan ta endå eit steg eller to og kan bli ein spelar som kan levere gode prestasjonar og scoringar for Glimt også på nivå over, seier Bjørkan.

Scora 16 i 2015

Opseth har vist seg som ein notorisk målscorar i 1. divisjon, men aldri heilt klart å slå igjennom i eliteserien. På 28 eliteseriekampar for Sogndal er det blitt to mål.

I 2015 scora Opseth 16 mål då Sogndal tok steget opp til øvste nivå. Då med eit snitt på 0,69 mål per kamp. Også det godt over konkurrentane, og ein målrekord han er på god veg til å slå.

– Eg har meir i meg enn kva eg har vist til no. Så då er det på tide å begynne å vise det slik at det ikkje berre blir tomme ord, seier han.

– Lykke til

I Sogndal ynskjer sportsleg leiar Håvard Flo sin tidlegare spiss lukke til i nord.

– Kristian har gjort det bra i Bodø, og han trivast i både by og klubb. Vi er difor sikre på at dette er eit rett steg for han i hans vidare karriere som fotballspelar, seier han til Sogndal sine nettsider.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.