Eirik Bakke vel igjen å gjere ein del endringar på laget frå sist kamp. Mellom anna er tomålsscoraren i Fredrikstad-kampen, Hannu Patronen, på benken saman med Victor Grodås.
– Hannu er med i troppen, men eg håpar å sleppe å bruke han, så han er heilt klar igjen til søndag, forklarer trenaren.
- Les også:
– Eirik Skaasheim har vore ute ei stund, og eg vel å få han i gang igjen på backen. Dessutan er Victor litt sliten, og får no sjansen til å kvile, seier han.
Lite som skjedde i første omgang
1 min: Sogndal går rett i strupen på Hønefoss. Mahatma Otoo kjem til skot, men ballen går like over. God sjanse.
10 min: Det skjer lite på Fosshaugane. Sogndal trillar ball, utan å komme til særlege sjansar. Hønefoss prøver å svare med kontringar.
18 min: Dette har blitt ein stillingskrig. Ingen av laga maktar å skape sjansar.
19 min: Ei lang klarering frå keeper Stefan Hagerup går heilt fram til Ulrik Flo, som får fram foten og sendt av garde eit slags skot. Ballen går rett i hendene på keeper.
21 min: Endeleg skjer det litt. Lars Kristian Kjemhus kjem til skot, som blir blokkert og endar hos Mahatma Otoo. Skotet blir stoppa på streken og går til corner.
21 min: Corneren endar hos Otoo, som får avslutta. Men keeper kastar seg som ein panter over ballen og reddar.
33 min: Fine kombinasjonar på høgresida. Skaasheim slår hardt inn, men Otoo når ikkje fram – ballen går til corner via ein forsvarar.
42 min: Eirik Bakke har sendt Rune Bolseth og Victor Grodås i oppvarming.
44 min: Kjemhus jobbar fram ein corner på venstresida. Den endar i ingenting.
PAUSE: Denne omgangen går ikkje inn i historia som veldig sjåverdig. Få sjansar og lågt tempo. Sogndal solide bakover, men finn ikkje rytmen framover på bana.
Slik er kampen i andre omgang
46 min: Sogndal har gjort to byter. Rune Bolseth og Victor Grodås inn, Ulrik Flo og Eirik Skaasheim ut.
46 min: Ein corner frå Victor Grodås finn Jim Johansen på bakerste. Han kliner til på direkten, men ballen går utanfor.
49 min: Jim Johansen skyt frå 20 meter. Via ein forsvarar og til corner. Mykje meir fart og aggressivitet i heimelaget no.
56 min: Petter Strand slår ein farleg corner, som midtstopparane til Sogndal er høgast på. Ballen hamnar ute hos Grodås, som smeller ballen høgt over mål. Bjørn Inge Utvik blir liggjande igjen i feltet.
57 min: Utvik klar for spel igjen etter å ha fått ein smell i ryggen.
59 min 0-1: Hønefoss scorar ut av ingenting. Eit langt framspel ramlar ned i beina til Malick Mane, som enkelt fintar bort Psyche og plasserer ballen forbi Hagerup.
61 min 0-2: Malick Mane igjen. Ekspederer eit innlegg frå høgre lett i mål med høgrefoten. Sogndal-forsvaret har gått i dvale.
65 min: Kristian Fardal Opseth kjem inn for Bjørn Inge Utvik.
67 min: Babacar Sarr har teke plass som midtstoppar saman med Psyche.
70 min: Opseth kjempar seg fram til eit skot frå hjørnet av 16-meter. Med venstrefoten går det eit godt stykke over.
78 min: Corner frå Grodås ramlar ned i feltet, der Sogndal-spelarane står i kø for å score. Mykje klabb og babb endar med klarering frå Hønefoss, til eit sukk frå publikum på Fosshaugane.
80 min 1-2: Ny farleg corner frå Grodås. Psyche ragar høgast, klarer å vri seg rundt og headar ballen i nota. Fortent redusering.
83 min: No har heimelaget vakna. Pressar på og kjem til sjansar. Er det for seint?
84 min: Det er selt 539 billettar til kampen.
87 min: Psyche er flytta opp som spiss. Einvegskøyring på Fosshaugane no. Eit skot frå Sarr går rett på keeper.
90 min: Fire minutt tilleggstid. Sogndal jagar utlikning.
Slutt: Hønefoss tek sin første siger i ein offisiell kamp på Fosshaugane. Sogndal er ute av cupen etter ein kamp der dei ikkje skapar nok sjansar.
Her er spelarane som startar kampen
Robin Shroot slit med eit lår og står over. Slik startar Sogndal kampen:
Stefan Hagerup–Eirik B. Skaasheim, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Taijo Teniste–Babacar Sarr, Petter Strand, Jim Johansen, Lars Kristian Kjemhus–Ulrik Flo, Mahatma Otoo.
- Les også:
Hønefoss:–I cupen kan alt skje
Sogndal slo ut Lysekloster etter 5–1 på bortebane i den første runden i NM. Avansementet til tredje runde vart sikra med 2–0 borte mot HamKam.
Sist Hønefoss var på Fosshaugane, enda det med 2–1 til heimelaget i ein seriekamp i april. Laget slit no i botnen av tabellen i førstedivisjon.
- Les også:
– Vi har respekt for Fosshaugane og Sogndal, men i cupen kan alt skje. Sjølv om Sogndal har fått ein god start i serien, og vi ein mindre god start, så er det heilt ope når kampen startar, seier sportsleg leiar i Hønefoss Ballklubb.