NRK Meny
Normal

Bakke blir Sogndal sin nye hovudtrenar

SOGNDAL (NRK): Fleire kjelder stadfestar at det er Eirik Bakke presentert som Sogndal sin nye sjef fredag føremiddag.

Eirik Bakke

PÅ VEG INN: Alt tyder på at Eirik Bakke fredag blir presentert som Sogndal sin nye trenar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Alt tyder på at det er temaet for pressekonferansen som Sogndal fotball har kalla inn til klokka 10. Det har lenge vore jobba med å finne ein erstattar for svenske Jonas Olsson som har vore Sogndal-trenar sidan før 2012-sesongen.

Sogndal-veteran og tidlegare utanlandsproff Eirik Bakke er etter det NRK kjenner til mannen som skal overta etter Olsson. Enten som trenar eller i ei managerrolle lik den Ole Gunnar Solskjær hadde i Molde. Bakke har også no ei sentral rolle som speidar og spelarrettleiar i klubben.

NRK forsøkte å få kontakt med Bakke torsdag kveld utan å lukkast.

Jonas Olsson stadfesta at 2014-sesongen blir hans siste for Sogndal under La Manga-cup tidlegare i år.

Styreleiar i Sogndal fotball, Tor Arne Ness, vil ikkje stadfeste at det er den nye Sogndal-trenaren som skal presenterast, men NRK har all grunn til å tru at det er det som skal skje på Fosshaugane Campus fredag.

Jonas Olsson

PÅ VEG UT: Sogndal fotball skal ha funne arvtakaren til Jonas Olsson.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil ikkje stadfeste

– Vi vil ikkje kommentere kva pressekonferansen gjeld. Den er klokka 10 og då vil vi informere om det vi skal informere om, seier Tor Arne Ness til NRK.

– Det blir hevda at de skal presentere ny trenar i morgon, kva er din kommentar til det?

– Som sagt så vil ikkje eg kommentere kva pressekonferansen i morgon gjeld.

NRK veit at det lenge har summa rykter om at Sogndal har funne ein arvtakar til Jonas Olsson. Den svenske trenaren blir uansett verande i klubben ut 2014-sesongen.

Ulrik snudde kampen

I går leia han laget til sin fjerde siger på seks seriekampar då Sogndal slo Vålerenga 2-0 heime på Fosshaugane. Han var ikkje minst nøgd med at Ulrik Flo kom inn i 2. omgang og sørga for at Sogndal snudde kampen.

– Ulrik har jo vore den som nesten alltid har starta, spring mykje og gjer ein god jobb for laget. I dag bytta vi litt på det og gav Kristan Fardal Opseth sjansen frå start. Så kom Ulrik inn og laga mål, så det fungerte jo veldig bra, seier Olsson.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast