Hopp til innhold

Sogndal med ekstra sjølvtillit

Med litt ekstra sjølvtillit er Sogndal klare for å møte tabelltoar Molde på Aker Stadion klokka 16. søndag ettermiddag.

Ole Jørgen Halvorsen

MATCHVINNAR? Ole Jørgen Halvorsen vart helten då Sogndal sikra tre poeng mot Haugesund på heimebane før helga. Klarar han det også på bortebane?

Foto: Oddleif Løset / NRK

SISTE: Magne Hoseth kjem åleine framfor mål etter at Daniel Chima Chukwu har lurt vekk fleire Sogndalsspelarar. Hoseth klinkar ballen i mål frå 18 meter - Molde er i leiinga 2-0.

40 minutt: Begge lag opplever at banedekket er både glatt og sleipt. Men etter 40 minutt er det Molde som klinkar ballen i nettet. Pape Paté Diouf sørgar for 1-0 leiing til heimelaget.

Med siger friskt i minne

Ein heiltent Ole Jørgen Halvorsen berga Sogndal frå det sikre mareritt då han med sine to mål og målgjevande gav sognelaget 3-1 siger over Haugesund på torsdag.

Fire minutt inn i kampen fekk Sogndal seg ein rett i fleisen, men Halvorsen og Sogndal røyste seg og banka inn mål etter mål. Med tre viktige poeng er dei på trygg grunn med 11 poeng og kunne reise til Molde med litt ekstra sjølvtillit.

Og litt ekstra sjølvtillit kan komme godt med i søndagens kamp. For med sine 11 poeng ligg Sogndal akkurat over nedrykksstreken, medan Molde knivar heilt i toppen.

Kor vidt det vert David mot Goliat veit ein ikkje før kampen er ferdig og den kan du følgje minutt for minutt direkte på NRK.no frå klokka 16.

Desse startar for Sogndal

Harald Aabrekk har plukka ut desse 11 til å starte på Aker Stadion der dei møter ei Molde-lag som i dag feirar 100 år:

Kenneth Udjus, Mats Goberg Solheim, Vegard Heggenes Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Ulrik Flo, Ole Jørgen Halvorse, Barry Kader, Ørjan Hopen, Isak Scheel.