NRK Meny
Normal

Sogndal leia to gonger, men tapte

Sogndal Fotball leia både 1-0 og 2-1, men måtte til slutt sjå Viking trekkje det lengste strået i Stavanger.

Taijo Teniste

TAP: Taijo Teniste og Sogndal tapte nok ein gong i Stavanger.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Det har skorta på både mål og poeng dei siste kampane for Sogndal. Mot Viking sytte Ulrik Flo og Tonny Brochmann for scoringar, men med 4-2-tap returnerer dei likevel frå Stavanger utan poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Det starta så bra for Jonas Olsson sine disiplar då Flo stussa eit frispark frå Hjörtur Logi Valgardsson i nettmaskene. Seks minuttar seinare utlikna Indridi Sigurdsson for vertane, berre for å sjå Brochmann syte for borteleiing til pause då han dundra eit inlegg frå Valgardsson i nettmaskene.

Medan Sogndal var effektive før kvilen, var det dei som køyrde kampen store delar av andre omgang. Kristoffer Haugen si utlikning 20 minuttar før slutt kom mot spelets gong, medan heimelaget var det dominerande laget då Vidar Nisja la på til 3-2 ti minuttar før slutt.

For å gjere snuoperasjonen komplett auka Yann-Erik de Lanlay til 4-2 på overtid.

NRK kjem tilbake med meir.

Laster innhold, vennligst vent..
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast