Hopp til innhold

Sogndal-kapteinen utset avgjerda

Rune Bolseth hadde frist til veslejulafta med å bestemme seg for si eiga framtid.

Rune Bolseth med ballen.

Rune Bolseth si framtid i Sogndal er framleis i det blå...

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var i dag venta ei avklaring på fotballframtida til Sogndal-kapteinen . Men midtbaneslitaren med 38 mål på 291 obligatoriske kampar for Sogndal, vart i kveld samd med klubben om å utsette denne avgjerda.

- Vi drøyer det heile til over julehelga, seier han i ei tekstmelding til NRK.

Ti år i Sogndal

Bolseth kom frå Sandane til Sogndal i 1999, og stod etter årets sesong utan kontrakt. Kontrakten han i sommar fekk tilbod om var på eitt år, og med dårlegare løn enn tidlegare.

Sandensaren har ikkje lagt skjul på at han ynskjer retur til Eliteserien. Etter at opprykket glapp for Sogndal, skal Bolseth ha vore aktuell for både Kongsvinger og Hønefoss .

- Har ikkje fått alle svar

Sogndalsupportarane som håpa på julegåve i form av Bolseth-signatur på ei ny kontrakt med klubben, må dermed vente. Klubben har likevel ikkje gjeve opp håpet om å behalde sin 29 år gamle kaptein.

- Han har ikkje fått svar med alle enda. Det er ei viktig avgjerd han skal ta og han ynskjer litt betre tid til å tenke seg om og det forstår vi godt, seier sportsleg leiar Trond Fylling til NRK.