Rune Bolseth er mellom mange spelarar i Sogndal som ved årssikftet står utan kontrakt med klubben.
- LES MEIR:
Overfor Bergens Tidende stadfestar midtbaneslitaren at han er i kontakt med fleire klubbar i eliteserien med tanke på framtida.
- Eg har følarar ute. Men alt er veldig usikkert. Eg vil avvente framtida i Sogndal og sjå om det kjem eit tilbod av interesse. Så får eg eventuelt vurdere det opp mot det Sogndal kan tilby, seier glopparen til avisa.
Er i kontakt med fleire
Rune Bolseth har spelt for Sogndal i ti år, og er den einaste av dei kontraktslause spelarane klubben vil ha med vidare.
Ifølgje Bolseth sjølv skal fleire klubbar i eliteserien vere mellom dei aktuelle alternativa hans fram mot neste sesong.
Øren tilbake til Sogndal
Det er samstundes klart at Tommy Øren nærmar seg ein kontrakt med Sogndal.
- LES OGSÅ:
Tommy Øren har dei siste åra spelt for HamKam etter overgangen frå Sogndal. Han opplevde eit surt nedrykk til 2. divisjon med klubben på Briskeby denne sesongen.
Ifølgje
står berre detaljar igjen før partane er samde, og den rutinerte angriparen igjen kan trekkje den kvite drakta over hovudet.